Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Vestland fylkeskommune søker ein Miljøkoordinator ved Bergen katedralskole. Ein 100% vikariat i skulen fokuserer på å skape eit trygt og inkluderande miljø, arrangere sosiale aktivitetar og støtte elevar sin trivsel.
Du deltar i elevrådet, koordinerer elevorganisasjonar og samarbeider med elevteneste og skuleleiing for å fremje utvikling, friluftsliv og antimobbing. Dette arbeidet krev initiativ, god kommunikasjon og evne til å skape positive relasjonar mellom elevar og tilsette.
Er du ein Miljøkoordinator med hjarte for at kvar enkelt kan få vere den dei er, ha eit godt skulemiljø, og utvikle seg som menneske både fagleg og sosialt?
Ynskjer du å jobbe på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette?
Da kan Bergen katedralskole vere staden for deg!
Vi har i perioden 01.01. - 30.06.27 ledig eit 100% vikariat som Miljøkoordinator
På Bergen katedralskole gjør miljøkoordinatorene det ved å arrangere og tilretteleggje for ulike sosiale aktivitetar og arrangementar i og utenfor skuletida, med mål om å auke inkludering og trivsel, og å motverke mobbing, utenforskap, rasisme og rusmiddelbruk.
Du deltar i arbeidet med elevrådet, og er koordinator for alle dei ulike elevorganisasjonane og -gruppane vi har på skulen og er, i samarbeid med elevteneste og skuleleiing, sentral i vidareføring av skulen sitt arbeid med eit trygt og godt skule- og læringsmiljø
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.