Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Fjord1 i Bergen søker ny matros til hurtigbåtane i Vestlandsregionen. Stillinga gir fast turnus med 2 vekers arbeid og 2 vekers fri, og inkluderer 84-timars avtale og dekking av reisekostnader over 15 km frå bustad til arbeidsstad.
Arbeidet krev erfaring, høg sjølvstende og god service. Du må disponere bil og vere bosatt innanfor rimeleg reiseavstand, då stillinga omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet.
Fjord1 har no ledig stilling sommatros i ressursgruppa for våre samband i region Vestland.
Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og 84-timars arbeidsavtale.
Som matros i ressursgruppa vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband etter behov. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som matros. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk, og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal.
I stillinga er det ein føresetnad at du disponerer eigen bil og bur innan rimeleg reiseavstand, då arbeidet omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.
Ønskeleg med oppstart snarest.
Vi ser etter ein erfaren, påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid tryggleik og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.
Benedicte Ellingsen,Rekrutteringsmedarbeider,47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
5035Bergen
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5182036028
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2026
Matros til hurtigbåtane i Bergen- Askøyruta.