Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Fjord1 søker maskinsjef til den elektriske ferja MF Storfjord som trafikkerer sambandet Leirvåg–Sløvåg. Døgnskift med tre veker fri følger, og du må kunne bu innenfor rimelig reiseavstand til Leirvåg eller Sløvåg.
Du vil ha ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vera nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit. Ferja har hybrid batteri som primær energikjelde for framdrift og SEEMP/ISO 50001 vert nytta i drift.
Vi søker ein maskinsjef til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg.
På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i tre veker. Deretter har du tre veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innenfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bofasiliteter det døgnet ein har fri.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. Denne ferja vart bygd i 2011, og i 2019 ble ho bygd om til hybrid med batteri som primær energikjelde for framdrift. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
Kun 1 time å kjøre fra Bergen til Leirvåg!
Søknadsfrist:
Maskinsjef i sambandet Leirvåg-Sløvåg, p.t. MF Storfjord
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter.Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til attryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.