Não envies um currículo genérico — gera um currículo e uma carta de apresentação adaptados a esta função específica.
Haukeland universitetssjukehus i Bergen søker forskarassistent for eitt år, tilknytta Converge-prosjektet som undersøker geners rolle i tidleg utvikling og risiko for nevro-utviklingsforstyrringar og medfødte hjartesjukdomar. Arbeidet krev kultur av humane pluripotente stamceller og avanserte genomikketeknikkar.
Du vil jobbe med organoider og 2D/3D-modellar, inkludere CRISPR-screeningar, lentiviral transduksjon og førebuing av prøvar til DNA-sekvensing, samt analyse av MEA- og
Forskingsavdelinga ved Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus (HUS), har ei eittårig forskarassistentstilling ledig.
Gene-to-Circuit Laboratory er ein del av Bergen Psychosis Research Group og er lokalisert ved Bergen Center for Medical Stem Cell Research ved HUS og Universitetet i Bergen. Laboratoriet vert leia av Novin Balafkan og Sadaf Ghorbani.
Forskinga vår handlar om korleis genetiske variantar påverkar genregulerande og cellulære nettverk i svært tidlege utviklingsfasar. Vi følgjer desse prosessane frå genom til fenotype ved hjelp av modellar baserte på humane stamceller, funksjonell genomikk med CRISPR-teknologi og enkeltcelleprofilering.
I denne stillinga vil du i hovudsak arbeide med CONVERGE, eit prosjekt finansiert av Forskingsrådet. CONVERGE undersøkjer korleis risikogen for nevroutviklingsforstyrringar og medfødte hjartesjukdomar påverkar den normale utviklinga av hjerne- og hjarteceller.
Målet vårt er å kartleggje kva gen som styrer desse biologiske nettverka i dei ulike celletypane, korleis risikovariantane påverkar dei på tvers av vev, og kvar det kan vere mogleg å setje inn tiltak for å gjenopprette normal funksjon.
Krav til kvalifikasjonar:
Det er ein fordel om du har:
Vi søkjer ein kandidat som:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av flere tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.