Eine vollständige Bewerbung in einer Minute
Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.
Helse Bergen søker ein engasjert driftskoordinator til å vere eit operativt bindeledd mellom drift og leiing ved Hospitaldrift. Du vil prioritere ressursar, tilsette vikarar ved behov og støtte leiaren i daglege driftsoppgåver.
Du vil også bidra til å løyse interne utfordringar i samarbeid med seksjonsleiar, utvikle samarbeid med partnarar og sikre at seksjonens mål og handlingsplanar blir gjennomførte. Ein inklusiv og fleksibel innstil litt kan vere ein fordel i denne stillinga.
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 800 medarbeidarar. Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift. Vi utfører portørtenester, forsyningstenester, avfallshandtering og andre interne transporttenester for helseføretaket. Vi har om lag 120 medarbeidarar og er delt i tre seksjonar. Seksjon for Miljøhall og Varetransport, Seksjon for Pasientportørar og Seksjon for Forsyningsportørar.
Forsyningstenesta er ein intern serviceseksjon og har som hovudoppgåve å bestille og levere varer som medisinske væsker og forbruksvarer, mat og tøy til avdelingane i sjukehuset. Vi organiserer lager på avdelingar inkludert vareutplassering og haldbarheitskontroll. Seksjonen står også for henting av avfall og skittentøy samt transport av blodprodukt, prøvar, senger og utstyr. Seksjonen er organisert med seksjonsleiar, 2 driftskoordinatorar og har om lag 50 tilsette ved seksjonen.
Vi søker etter ein engasjert og motivert driftskoordinator i fast 100% stilling. Driftskoordinator rapporterer til seksjonsleiar og er eit operativt bindeledd mellom drift og leiing og ein viktig bidragsytar for at seksjonen skal nå sine mål.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av flere tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.