Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Solund kommune søker sjukepleiar i 100% fast stilling som assisterande leiar ved Solundheimen. Du vil ha medansvar for institusjon, heimeteneste og miljøteneste og vere støtte for leiar i dagleg drift.
Vi søker ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar med ansvar og leiing. Turnus, hovudsakleg dagtid i vekene, arbeid kvar tredje helg. Kombinasjon av kontorarbeid og arbeid i tenestene. Velkomen arbeidsmiljø og utviklingsmoglegheiter i ein naturskjønn kommune.
Stillingstittel Sjukepleiar i 100% fast stilling som assisterande leiar
Solund kommune er ein øykommune ytterst i Sognefjorden, samansett av øyer og holmar. På den største øya ligg kommunesenteret Hardbakke, der vi har samla våre helsetenester. I Solund verdset vi kvilepuls – men i ein variert og spennande arbeidskvardag kan det òg vere godt å kjenne at pulsen slår litt ekstra. Vi søkjer ein sjukepleiar i 100 % fast stilling somassisterande leiar ved Solundheimen.Solundheimen har 19 plassar i tillegg til ei KAD-seng. Som assisterande leiar vil du ha medansvar for institusjon, heimeteneste og miljøteneste. Du vil vere ei støtte for leiar og bidra til effektiv drift og høg kvalitet i tenestene – rett og slett vere «høgre handa» til leiaren. Vi ser etter ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar som er interessert i ansvar og leiing. Du vil gå i turnus, hovudsakleg dagtid i vekene, med arbeid kvar tredje helg. Stillinga er ei kombinasjon av kontorarbeid og arbeid i tenestene.
Dette er stillinga for deg som ønskjer å jobbe i eit lite samfunn med ein mindre institusjon. Som sjukepleiar i Solund kommune får du tid til å bli godt kjent med brukarane. Arbeidskvardagen kan vere travel, men i Solund får du tid til å gjere ein god jobb – og i den siste medarbeidarundersøkinga svarte sjukepleiarane at dei i større grad enn landssnittet opplever å kunne hjelpe brukarane sine. Frå 2026 får du i tillegg sletta 25 000 kroner av studielånet ditt etter eitt år i Solund.
Ved tilsetjing må du leggje fram politiattest (ikkje eldre enn 3 måneder) og utfylt MRSA-skjema. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Vi gjer merksam på at namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom du ønskjer unntak fra offentleggjering, må det grunngjevast. Du vil i så fall bli kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.
Då håpar vi du søkjer! Ho gler seg til å høyre frå deg!
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utenfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.