Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Solund kommune i Vestland søkjer ein fastlege/kommuneoverlege med norsk arbeidsspråk og tilknyting til Solund legekontor i Hardbakke. Arbeidet omfattar daglege fastlegeoppgåver, legevaktkvalifikasjon og tilsyn med institusjonar.
Stillingane er 33,34% og 40% fordelt med turnus. Krav om norsk autorisasjon og allmennmedisin-spesialitet; førarkort, godt engasjement for lokal helse.»
Arbeidsspråk Norsk
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med m.a. helsesenter, skule, barnehage og butikksenter. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.
Solund har til saman ei 100% kommunal legestilling. Me lyser no ut ein fastlegestilling på 33,34 % og ein fastlege/kommuneoverlegestilling på 40% (fordeling ca. 33%/7%).
Solund kommune har rullerande «nordsjø» turnus for legane knytt til Solund legekontor. Me søkjer etter legar kan jobbe 33,34 % med arbeid i turnus 2 veker på og 4 veker av.
Kommunen har eigen legevakt. I vaktveke har du ansvar for legekontoret på dagtid og legevakt på kveld/natt/helg. Vaktbelastinga er høg, men vaktene er fredelege. Me nyttar vaktklasse 1 og takst 15.
Solund kommune sine helsetenester er knytt til legevaktsentralen i Førde. Solund kommune har ein velutstyrt ambulansebåt stasjonert i kommunen, i tillegg til heildøgns bemanna ambulansebil. På vakt har vi god støtte i ambulansetenesta. Lokalsjukehuset er Førde sentralsjukehus, og spesialistressursar i Bergen nyttast i stor grad. Kommunen har si eiga KAD seng knytt til institusjonstenesta i kommunen.
Solund kommune har eit vel utstyrt legekontor som er samlokalisert med helsesjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog og sjukeheim i kommunesenteret Hardbakke. Legekontoret har tilsett sjukepleiar og hjelpepleiar/sekretær.
Arbeidsoppgåver:
Kommuneoverlege stillinga vil i tillegg inneha fleire ansvarsområde:
Solund kommune har avtale om interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving/folkehelse.
Kvalifikasjonar:
Språk:
Solund kommune tilbyr:
I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjent politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart.
Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Kommunelege 1 Leif M. Skjærstad 57786281
Helse og omsorgsleiar Marit A. Nesse 41291139
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ