Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Alsaker Fjordbruk søker ein engasjert og operativ driftsleiar for sjølokalitetar. Du blir sentral i leiinga av lokalitetar i Sør-Rogaland og må rekne med reising mellom anlegg, samt møte ved hovudkontoret på Onarheim.
Ansvarsområde inkluderer Globe-anlegg i Lysefjorden samt Ådnøy og Rossholmen-lokalitetar. Ein tydeleg leiar som motiverer og følgjer opp medarbeidarar er etterspurd, med fokus på drift, biosikkerheit og kundar/ samarbeidspartnarar.
Vil du vere med å utvikle framtidas havbruk?
For å styrkje driftsleiinga i Rogaland søkjer Alsaker Fjordbruk ein engasjert og operativ driftsleiar for sjølokalitetar.
Som driftsleiar får du ei sentral rolle i den daglege leiinga av våre lokalitetar i Sør-Rogaland.
Det må reknast med noko reising mellom anlegga og deltaking på møte ved hovudkontoret på Onarheim.
Ansvarsområdet omfattar Ryfish AS sine Globe-anlegg i Lysefjorden.
Anlegga er ein del av konsernet si satsing på lukka oppdrettsteknologi og fungerer samtidig som visningsanlegg for kundar og samarbeidspartnarar.
Stillinga omfattar også lokalitetane Ådnøy i Høgsfjorden ved Høle og Rossholmen på Mosterøy, tilhøyrande Nordsjø Fjordbruk AS.
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er det største privateigde oppdrettskonsernet i Sør-Norge, med 36 matfiskkonsesjonar, 5 settefiskanlegg, stamfiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 4 milliardar i omsetnad og er om lag 500 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
havbruk, driftsleiar, akvakultur, laks, oppdrett