A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Alsaker Fjordbruk søkjer ein engasjert driftsleiar for sjølokalitetar i Sør-Rogaland. Du får ansvar for personaloppfølging, koordinering av drift og utvikling av området i tett samarbeid med driftssjef.
Arbeidskvardagen er variert og operativ, med jamleg nærvær på lokalitetane og noe reising mellom anlegg. Stillinga omfattar fleire lokalitetar og krev leiarferdigheiter samt god forståing av havbruk, fiskevelferd og biosikkerheit.
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er det største privateigde oppdrettskonsernet i Sør-Norge, med 36 matfiskkonsesjonar, 5 settefiskanlegg, stamfiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 4 milliardar i omsetnad og er om lag 500 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Som driftsleiar får du ei sentral rolle i den daglege leiinga av våre lokalitetar i Sør-Rogaland. Du vil ha ansvar for personaloppfølging, koordinering av drift og vidare utvikling av området i tett samarbeid med driftssjef.
Arbeidskvardagen vil vere variert og operativ, gjennom jamleg nærvær på lokalitetane. Det må reknast med noko reising mellom anlegga og deltaking på møte ved hovudkontoret på Onarheim.
Ansvarsområdet omfattar Ryfish AS sine Globe-anlegg i Lysefjorden. Anlegga er ein del av konsernet si satsing på lukka oppdrettsteknologi og fungerer samtidig som visningsanlegg for kundar og samarbeidspartnarar. Stillinga omfattar også lokalitetane Ådnøy i Høgsfjorden ved Høle og Rossholmen på Mosterøy, tilhøyrande Nordsjø Fjordbruk AS.
Relevant utdanning innan havbruk, akvakultur eller tilsvarande er ein fordel. Me legg likevel størst vekt på relevant erfaring, leiareigenskapar og personlege eigenskapar.
Fokuset vårt er å gjera det me er best på! Dette betyr at me konsentrerer oss om produksjon av laks; Frå innlegg av rogn, til settefisk og vidare til matfisk og slakteri. Sluttproduktet vårt er sløyd, fersk laks i kassar for den internasjonale marknaden. Aktiviteten vår har sitt utspring i Sunnhordland, nærare lokalisert til Onarheim i Tysnes kommune. Her kjem friskt brevatn fra m.a. Folgefonna og møter ein av Noregs rikaste fjordsystem - Hardangerfjorden.