Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Fusa barneskule i Bjørnafjorden kommune søker ein engasjert lærar til eit 100% vikariat frå 01.02.27 til 29.11.27. Vi legg til rette for trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat, og satsar på mentorordning og nettverk for nytilsette lærarar.
Skulen ligg i eit inspirerande fagmiljø med fokus på utvikling av lesing og skuleutvikling. Vi tilbyr samarbeid med foreldre og lokalmiljø, og ei aktiv tilnærming til tryggleik og trivsel i skulemiljøet.
Vi har ledig eit 100% vikariat i lærarstilling frå 01.02.27-29.11.27. Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø, og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø, der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. I Bjørnafjorden kommune er vi opptekne av å skapa trygge og gode skulemiljø som gir elevane gode føresetnader for læring, meistring og trivsel. Vi satsar også på å utvikla sterke rammer for lesing gjennom heile opplæringsløpet.Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og fastenettverk.
Fusa barneskule er ein kommunal barneskule for Fusa, Vinnes og Strandvik. Skulen er tredelt og har 35 elevar i 1. til 7. trinn skuleåret 2026 - 2027. Visjonen vår er «Vekst og glede i leik og læring». Skulen vart bygd kring 1920 med tilbygg på 1980-talet og ombygging i 2006 og 2010. Skulen ligg fint til i skogkanten, med utsyn til fjord og fjell. Vi arbeider for å leggje til rette for at elevane skal vere aktørar og medspelarar i læringa, der dei opplever å høyre til i eit positivt og trygt fellesskap. Skulen sitt nærmiljø er ein viktig arena for læring, og skulen har gode uteområde for undervisning i uteskule. Det er også svært gode turmoglegheiter i skog, fjell og ved sjø. Vi arbeider kontinuerleg med samarbeid, respekt, toleranse og kreativitet. Vi er opptatt av å leggje til rette for eit godt miljø i bygda og på skulen, og er glade for at vi har eit aktivt og godt samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartnarar i nærmiljøet. Fusa barneskule er også ein «Gleding-skule».Det betyr at vi i personalet, med elevane og foreldra, har kontinuerleg fokus på det positive vi vil ha meir av framfor det negative vi vil ha mindre av.
Du kan lese meir om Fusa barneskule på nettsida vår:https://fusa.barneskule.no/
Undervisning i fleire grunnskulefag på 1.-7. årssteg.
Søkjarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel ogbustads – eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om einsøkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein harkryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.