A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Went Air Solutions AS i Norge søker ein engasjert fagperson til å byggje framtidas ventilasjonsfirma. Du følgjer prosjekter frå skisse til ferdig regulering, og arbeider med energivurderingar, energimerking og energi- effektivisering.
Personen bør ha fagbrev eller ingeniørutdanning og bakgrunn frå automasjon, VVS, røyr, varme eller kjøleanlegg. Fleksibilitet og høgt ansvar er viktig i dette rolle.
Hjå Went Air Solutions handlar jobben ikkje berre om ventilasjon. Det handlar om å forstå korleis alt heng saman - luft, varme, kjøling, energi og menneske. Me ser etter ein som vil vere med og forme eit firma som gjer ting på sin eigen måte, der fagkunnskap tel, men engasjement og ansvar tel minst like mykje.
Hjå oss blir ikkje eit prosjekt stykka opp og sendt videre mellom avdelingar. Du følgjer det heile vegen, og det er difor rolla er så brei. Nokre dagar gjer du energivurderingar av tekniske anlegg og bygg, eller sit med energimerking og finn ut kvar energien forsvinn. Andre dagar prosjekterer du eit nytt ventilasjonsanlegg, eller køyrer prosjektleiinga på eit nybygg eller ein rehab. Så er det byggjemøte rundt om, oppfølging ute hjå kunden, ein prat om energieffektivisering som endar i eit sal, og innimellom ei igangkøyring eller eit serviceoppdrag når det trengst.
Det blir aldri heilt likt frå veke til veke, og det passer ikkje for alle. Er du av den sorten som blir uroleg av å gjere det same om og om igjen, då trur me du kjem til å like deg her. Du får følgje eit bygg frå den første skissa til anlegget står ferdig innregulert, og det er det ikkje så mange som får.
Kva du faktisk gjer, kjem heilt an på kven du er. Om du har fagbrev eller ingeniørutdanning, og bakgrunn frå automasjon, VVS, røyr, varme eller kjøleanlegg, er det ein stor fordel. Men det viktigaste er at du ser heilskapen - korleis alt påverker kvarandre, og korleis små grep gjer store skilnader.
Me har kontor på Vikjo, midt i Stord sentrum, men prosjekta våre kan vere over heile landet. Arbeidsdagen er fleksibel. Me er opptekne av at jobben blir gjord skikkeleg, ikkje av at du sit på kontoret til klokka er fire, og blir du ferdig før, er tida di eiga. Me trur på tillit, ansvar og utvikling, og du får den fridomen du fortener.
Kanskje er du den som hjelper oss å byggje framtidas ventilasjonsfirma - bit for bit, prosjekt for prosjekt.
"Went Gruppen" kombinerar prosjektering, rådgiving, service og utvikling av energieffektive løysingar for næringsbygg og industri.
- Kontoret vårt ligg på Stord, men me jobbar der lufta treng oss - fra planlegging til ferdig igangkjørte anlegg.