A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Nordplan søker ein ingeniør/ senioringeniør innan energi og tekniske anlegg, med ønske om å påverke løysingar frå tidlegfase til ferdig prosjekt.
Du vil utvikle energieffektive løysingar, og vere med i fleire fasar av prosjektet. Vi legg vekt på fagleg fundament, nysgjerrigheit og samarbeid for å levere gode resultat.
Ingeniør / senioringeniør – energi og tekniske anlegg Vil du jobbe med energi og tekniske anlegg, og samtidig få påvirke løysingane frå tidlegfase til ferdig prosjekt?
Vi ser etter deg som vil bruke kompetansen din til å utvikle gode, gjennomførbare og energieffektive løysingar.
Du har relevant teknisk utdanning innan til dømes VVS, maskin, energi, miljø eller tilsvarande. Du kan vere erfaren rådgivar, eller vere tidlegare i karrieren og ønskje å utvikle deg vidare innan fagområdet.
Det er ein fordel om du har erfaring med eit eller fleire av områda varme, kjøling, energisystem, energiberekningar eller teknisk prosjektering.
Du treng ikkje kunna alt. For oss er det viktig at du har eit godt fagleg fundament, er nysgjerrig og trivst med å finne løysingar saman med andre.
Oppgåvene blir tilpassa erfaringa og kompetansen din. Har du interesse for kundekontakt, prosjektansvar eller fagutvikling, er det også mogleg å ta ei større rolle over tid.
Hos oss får du:
Nordplan er eit tverrfagleg, ansatteigd rådgivarselskap. Vi har fagmiljø innan mellom anna arkitektur, bygg, energi, brann, plan, prosjektleiing og teknisk rådgiving, og jobbar med prosjekt for både offentlege og private kundar.