A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Vindafjord kommune søkjer helsearbeidar til avdeling Sandeid bufellesskap. Arbeidet inneber praktisk hjelp og bistand etter vedtak, tilpassa behova til den enkelte i heile døgnet. Turnus med nattevakter og kvar tredje helg vert jamleg.
Lønn etter tariff, god pensjonsordning og gode forsikringsordningar blir tilbytt. Du må ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar og fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, samt god IKT-kompetanse og kjennskap til elektronisk pasientjournal.
Vindafjord kommune Sandeid bufellesskap
Østbøvegen 9, 5585 Sandeid
Me har no ledig 45,19 % fast kvilande natt (lønsprosent 30,16%) frå 01.12.2026 ved avdeling Sandeid bufellesskap.
Tilrettelagte tenester gjev tenester etter vedtak heimla i helse-og omsorgstenestelova; Bistand i heim og i bufellesskap med heildøgnstenester, avlastning, støttekontakt samt dagtilbod ved Gnisten arbeids- og aktivitetssenter. Det er tre avdelingar i tilrettelagte tenester. To av desse er heildøgnsbemanna bufellesskap der ein og har ansvar for miljøarbeid og praktisk bistand til private bustader utenom bufellesskapa.
Eining tilrettelagte tenester gjev målretta miljøarbeid. Tenestene er personleg, sosialt og fysisk tilpassa enkeltmenneske sitt behov. Formålet er å fremje personleg eigenmestring og deltaking på lik linje med andre i samfunnet.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.