A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
NVE søker ein prosessleiar til Åknes-prosjektet i Stranda og Førde-området. Stillinga er ein 3-årig prosjektstilling med hovudoppgåve å planlegge og gjennomføre sikringstiltak, koordinere prosessar og leveransar i tråd med Statens prosjektmodell.
Du samarbeider tett med fagmiljø og regionkontor, og får høve til å utvikle arbeidsformer, byggje kompetanse og vere med å styrke samfunnstryggleiken i Storfjorden.
Vil du nytte kompetansen din i eit sikringsprosjekt med stor betydning for samfunnstryggleiken? Vi søker prosessleiar til ei 3-årig prosjektstilling i Åknes dreneringsprosjekt. Her vil du bidra med å sikre Storfjorden mot fjellskred og påfølgande flodbølge.
Åknes-prosjektet skal greie ut og planlegge dreneringsløysingar som reduserar risikoen for fjellskred frå Åknes i Stranda kommune. NVE Region Vest har ansvaret for planlegging og gjennomføring av det pågåande sikringstiltaket på vegne av Skred- og vassdragsavdelinga.
NVE har det nasjonale ansvaret for å handtere risikoen knytt til fjellskred, og har gjennom systematisk kartlegging og utgreiing, samt overvaking, opparbeidd seg omfattande kunnskap på området. Som prosessleiar vil du samarbeide tett med NVE sitt fagmiljø og regionkontor innen overvaking, varsling og sikring mot store fjellskred.
Skred– og vassdragsavdelinga har for første gang eit prosjekt i Statens prosjektmodell. Det pågåande arbeidet med Åknes dreneringsprosjekt har vist behovet for å styrke prosjektorganisasjonen og kompetanse på Statens prosjektmodell. Du får dermed høve til å vere med å utvikle gode arbeidsformer, styrke prosjektorganisasjonen og bygge kompetanse som også vil vere viktig for framtidige sikringsprosjekt. Vi ser etter deg som kan arbeide strukturert i ein organisasjon der arbeidsformene framleis er under utvikling.
Som prosessleiar for Åknes-prosjektet får du ei sentral rolle i planlegginga og gjennomføringa av eit stort og komplekst sikringsprosjekt. Du skal koordinere prosessar og leveransar, støtte viktige avgjersler og bidra til at prosjektet vert organisert og gjennomført i tråd med Statens prosjektmodell og NVE sitt kvalitetssystem. Slik bidreg du direkte til eit tiltak med stor betydning for samfunnstryggleiken i Storfjorden.
Skred- og vassdragsavdelinga har et breitt fagmiljø innen sikring, flaum, skred, fjellskred og arealplan, i tillegg til regionkontor med lokal kompetanse. I Åknes-prosjektet samarbeidar du med ulike fagseksjonar og regionkontor. Dette gjev deg tilgang til eit breitt og dyktig kompetansemiljø og høve til å bygge erfaring på tvers av fag og geografi.
Vil du leie prosessane i eit av Norges mest spennande sikringsprosjekt?
Du får ei sentral rolle i prosjektgjennomføringa. Avhengig av erfaring og kompetanse vil arbeidsoppgåvene kunne omfatte:
Du må vere sikkerheitsmessig skikka for stillinga.
Det vert lagt betydeleg vekt på om du er personleg eigna.
I NVE blir du ein del av ein sterk, tverrfagleg kunnskapsorganisasjon. Vi er opptekne av at medarbeidarane våre skal ha rom for personleg utvikling, og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
NVE Region Vest held til i sentrale lokale ved Førde Torg, midt i Førde sentrum.
Vi kartlegg, overvaker og varslar om naturfare for å hjelpa samfunnet med å handtera flaum og skredrisiko gjennom rettleiing, arelplanhandsaming, sikring og støtte i beredskapsituasjoner. Vi er den nasjonale faginstitusjonen for hydrologi og driv med forsking innan NVE sine forvaltningsområder.
NVE har mål om å vera ei klimamedviten og berekraftig verksemd og Vi jobbar aktivt med å redusera vårt eige klimafotavtrykk.
NVE har over 800 tilsette, med hovudkontoret i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. Wer?