Vil du leie prosessane i eit av Norges mest spennande sikringsprosjekt?

Region Vest, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Førde, Stranda

Hybrid

NOK 700,000 - 900,000

Full time

12 days ago

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Trening i arbeidstida
Deltaking i bedriftsidrettslag
Fleksitid og sommartid
Gode pensjonsordningar

Job summary

Region Vest, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) søkjer prosessleiar til Åknes-prosjektet i Førde. Prosjektet er 3-årig og involverer sikringstiltak for samfunnstryggleiken. Alternativt kan hovudkontoret vere i Oslo eller Stranda.

Du vil koordinere prosessar, sikre framdrift og samarbeide tett med NVE sitt fagmiljø og regionkontor innan overvaking og sikring mot store fjellskred.

Qualifications

  • høgare relevant utdanning på bachelor- eller masternivå, til dømes innan ingeniørfag, naturvitenskap eller prosjektleiing. Lang eller særleg relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
  • erfaring frå projektarbeid, gjerne innan prosjektleiing, prosessleiing, koordinering eller leveranseoppfølging
  • god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk

Responsibilities

  • utarbeide faglege analyser og avgjerdsgrunnlag som støttar planlegging, kvalitetssikring og vidare gjennomføring av prosjektet
  • planlegge, koordinere og følgje opp aktivitetar, ressursar og leveransar i tett samarbeid med prosjektleiar. Du vil ha ansvar for løpande prosessoppfølging, avklaringar, møtepunkt og prioriteringar for å sikre framdrift i tråd med prosjektplan
  • sikre etterleving av Statens prosjektmodell og NVE sitt interne kvalitetssystem ved å tolke krav, førebu avgjerdspunkt og følgje opp at naudsynt dokumentasjon, prosessark og styringsdokument er utarbeidd og kvalitetssikra

Skills

kommunikasjonsevne
prosjektarbeid
fleksibilitet
evne til sjølvstendig arbeid

Education

høgare relevant utdanning (bachelor- eller masternivå)

Tools

Prosjektplanleggingsverktøy

Job description

Region Vest, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Middelthuns gate 29, 0368 Oslo, Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde, Ødegårdsvegen 176, 6200 Stranda

Aktuell plassering er fortrinnsvis Førde, men hovudkontoret i Oslo eller kontoret på Stranda kan vere aktuelt.

Arbeidsoppgåver
  • sikre etterleving av Statens prosjektmodell og NVE sitt interne kvalitetssystem ved å tolke krav, førebu avgjerdspunkt og følgje opp at naudsynt dokumentasjon, prosessark og styringsdokument er utarbeidd og kvalitetssikra
  • god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
  • erfaring med styring av framdrift og kvalitet i prosjekt
  • du er fleksibel og kan omprioritere når framdrift eller andre kritiske situasjonar krev det
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som mellom anna gir gode lånevilkår
  • tilsetting som 1087 overingeniør/1434 rådgiver/1181/senioringeniør/1364 seniorrådgiver, med løn etter avtale og i tråd med NVE sin lønnspolitikk. Endeleg lønsplassering avhengig av kvalifikasjonar

Vil du nytte kompetansen din i eit sikringsprosjekt med stor betydning for samfunnstryggleiken? Vi søker prosessleiar til ei 3-årig prosjektstilling i Åknes dreneringsprosjekt. Her vil du bidra med å sikre Storfjorden mot fjellskred og påfølgande flodbølge.

Åknes-prosjektet skal greie ut og planlegge dreneringsløysingar som reduserar risikoen for fjellskred frå Åknes i Stranda kommune. NVE Region Vest har ansvaret for planlegging og gjennomføring av det pågåande sikringstiltaket på vegne av Skred- og vassdragsavdelinga.

NVE har det nasjonale ansvaret for å handtere risikoen knytt til fjellskred, og har gjennom systematisk kartlegging og utgreiing, samt overvaking, opparbeidd seg omfattande kunnskap på området. Som prosessleiar vil du samarbeide tett med NVE sitt fagmiljø og regionkontor innan overvaking, varsling og sikring mot store fjellskred.
Skred– og vassdragsavdelinga har for første gang eit prosjekt i Statens prosjektmodell. Det pågåande arbeidet med Åknes dreneringsprosjekt har vist behovet for å styrke prosjektorganisasjonen og kompetanse på Statens prosjektmodell. Du får dermed høve til å vere med å utvikle gode arbeidsformer, styrke prosjektorganisasjonen og bygge kompetanse som også vil vere viktig for framtidige sikringsprosjekt. Vi ser etter deg som kan arbeide strukturert i ein organisasjon der arbeidsformene framleis er under utvikling.

Som prosessleiar for Åknes-prosjektet får du ei sentral rolle i planlegginga og gjennomføringa av eit stort og komplekst sikringsprosjekt. Du skal koordinere prosessar og leveransar, støtte viktige avgjersler og bidra til at prosjektet vert organisert og gjennomført i tråd med Statens prosjektmodell og NVE sitt kvalitetssystem. Slik bidreg du direkte til eit tiltak med stor betydning for samfunnstryggleiken i Storfjorden.

Aktuell plassering er fortrinnsvis Førde, men hovudkontoret i Oslo eller kontoret på Stranda kan vere aktuelt.

Kort om seksjonen og avdelinga:

Skred- og vassdragsavdelinga har et breitt fagmiljø innan sikring, flaum, skred, fjellskred og arealplan, i tillegg til regionkontor med lokal kompetanse. I Åknes-prosjektet samarbeidar du med ulike fagseksjonar og regionkontor. Dette gjev deg tilgang til eit breitt og dyktig kompetansemiljø og høve til å bygge erfaring på tvers av fag og geografi.

Arbeidsoppgåver

Du får ei sentral rolle i prosjektgjennomføringa. Avhengig av erfaring og kompetanse vil arbeidsoppgåvene kunne omfatte:

  • utarbeide faglege analyser og avgjerdsgrunnlag som støttar planlegging, kvalitetssikring og vidare gjennomføring av prosjektet
  • planlegge, koordinere og følgje opp aktivitetar, ressursar og leveransar i tett samarbeid med prosjektleiar. Du vil ha ansvar for løpande prosessoppfølging, avklaringar, møtepunkt og prioriteringar for å sikre framdrift i tråd med prosjektplan
  • sikre etterleving av Statens prosjektmodell og NVE sitt interne kvalitetssystem ved å tolke krav, førebu avgjerdspunkt og følgje opp at naudsynt dokumentasjon, prosessark og styringsdokument er utarbeidd og kvalitetssikra
Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • høgare relevant utdanning på bachelor- eller masternivå, til dømes innan ingeniørfag, naturvitenskap eller prosjektleiing. Andre relevante fagområde kan også vere aktuelle. Lang eller særleg relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
  • erfaring frå projektarbeid, gjerne innan prosjektleiing, prosessleiing, koordinering eller leveranseoppfølging
  • god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk

Du må vere sikkerheitsmessig skikka for stillinga.

Det er ein fordel om du også har:

  • erfaring med styring av framdrift og kvalitet i prosjekt
  • kjennskap til eller erfaring med Statens prosjektmodell eller tilsvarande kvalitetssikringsregime for store offentlege prosjekt
  • gode digitale ferdigheiter og erfaring med verktøy for prosjektplanlegging og dokumentstyring
  • kunnskap om regelverk som er relevant for sikringstiltak, til dømes vassdragsforvaltning, byggherreforskrifta eller plan- og bygningslova
  • evne og motivasjon til å sette seg inn i nye arbeidsformer, regelverk og digitale verktøy
  • erfaring med anbodsprosessar og kunnskap om regelverket for offentlege anskaffingar
  • førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • du tek initiativ, finn løysingar og føl opp oppgåver til dei er gjennomført.
  • du har evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
  • du samarbeida godt med andre og bidreg til eit ope og konstruktivt arbeidsmiljø
  • du tilpassar deg nye arbeidsformer og bidreg konstruktivt når roller, rutiner og system er under utvikling
  • du formidlar komplekse faglege problemstillingar på ein tydleg og forståeleg måte til både fagfolk og andre målgrupper
  • du er fleksibel og kan omprioritere når framdrift eller andre kritiske situasjonar krev det

Det vert lagt betydeleg vekt på om du er personleg eigna.

Vi tilbyr

I NVE blir du ein del av ein sterk, tverrfagleg kunnskapsorganisasjon. Vi er opptekne av at medarbeidarane våre skal ha rom for personleg utvikling, og gode moglegheiter for fagleg utvikling.

NVE Region Vest held til i sentrale lokale ved Førde Torg, midt i Førde sentrum.

Hos Region Vest får du:

  • høve til å trene i arbeidstida og tilgang til treningsstudio i nærleiken av kontoret
  • tilbod om deltaking i eit aktivt bedriftsidrettslag, som arrangerar fellesturar og aktivitetar saman med gode kollegaer
  • ein familievennleg og fleksibel personalpolitikk som tek omsyn til ulike behov og livsfaser
  • gode arbeidstidsordningar (fleksitid, sommartid, betalt overtid)
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som mellom anna gir gode lånevilkår
  • moglegheit for delvis heimekontor når arbeidsoppgåvene tilseier det, i samsvar med NVE sine gjeldande retningslinjer
  • tilsetting som 1087 overingeniør/1434 rådgiver/1181/senioringeniør/1364 seniorrådgiver, med løn etter avtale og i tråd med NVE sin lønnspolitikk. Endeleg lønsplassering avhengig av kvalifikasjonar

Informasjon om prosessen:

  • Viss du ønskjer å bli sett bort frå den offentlege søkjarlista, må du grunngi dette. Vi varslar deg viss vi ikkje tek ønsket ditt til følge. Du vil då få moglegheita til å trekkja søknaden før offentleggjering
  • Dokumenter kompetansen og erfaringa di i CV-en, og legg ved vitnemål og relevante attestar elektronisk til søknaden
  • Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Me vil leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det
  • Vi oppmodar søkjarar til å kryssa av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me innkalla minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandlet på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen
  • Ved behov kan det bli gjennomført ein utvida referansesjekk av kandidat(er) som blir innstilt. Dette inneber ein dokument- og kjeldekontroll for å stadfesta opphav og gyldigheit (m.a. av det som blir oppgitt i CVer eller dokument som blir vedlagde)
Kontaktinformasjon

Idun Nessestrand Vefring,senioringeniør,41 23 69 58, idve@nve.no

Jostein Mårdalen,regionsjef,98283910, josma@nve.no

Elisabeth Brøndrup Næss,HR-kontakt,99047637, ebn@nve.no

Arbeidssted

Naustdalsvegen 1B
6800Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Referansenr.: 5199194500

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Søknadsfrist: 08.11.2026

Vi forvaltar Noreg sine vatn- og energiressursar til samfunnets beste. Det er vårt ansvar å sørgja for at straumen blir levert, halda tilsyn med kraftbransjen, utvikla regelverk og behandla søknader om konsesjon til fornybar energiproduksjon.

NVEs samfunnsoppdrag omfattar kritisk infrastruktur og er underlagt tryggingslova (sikkerhetsloven). Førebyggjande tryggingsarbeidblirvektlagt, under dette tryggingsmessige kvalifikasjonanetildei tilsette.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Vi søker en fagleder som vil ha ansvaret for den fysiske sikringen

Eiendomsdrift og service, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Vil du leie prosessane i eit av Norges mest spennande sikringsprosjekt?
Vil du leie prosessane i eit av Norges mest spennande sikringsprosjekt?

Elisabeth Brøndrup Næss • Oslo fylke

On-site
NOK 650,000 - 950,000
Trening i arbeidstida
Bedriftsidrettslag
fleksibel personalpolitikk
Vil du leie prosessane i eit av Norges mest spennande sikringsprosjekt?
Vil du leie prosessane i eit av Norges mest spennande sikringsprosjekt?

NVE • Stranda

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Trening i arbeidstida og treningsstuio
Deltaking i bedriftsidrettslag
Familievenleg personalpolicy
+1
Direktør for arealplanlegging, fjellskredovervåkning og kartlegging av flom- og skredfare
Direktør for arealplanlegging, fjellskredovervåkning og kartlegging av flom- og skredfare

Skred- og vassdrag, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) • Norway

Remote
NOK 1,100,000 - 1,500,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Vi trenger deg som vil bidra til at vassdragsanlegg etterlever miljøvilkår
Vi trenger deg som vil bidra til at vassdragsanlegg etterlever miljøvilkår

Randi Holme • Narvik

On-site
NOK 630,000 - 900,000
Fleksitid
Sommertid
Overtid
+3
Vi trenger deg med interesse for energi, systemdrift, kraftmarkeder og samfunnsengasjement!
Vi trenger deg med interesse for energi, systemdrift, kraftmarkeder og samfunnsengasjement!

Marked og systemdrift, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) • Oslo fylke

On-site
NOK 630,000 - 900,000
Fleksible arbeidstidsordninger
Delvis hjemmearbeid
Treningsrom i lokalene
+1
Vil du jobbe med juridiske problemstillinger knyttet til fornybar energi og sikker kraftforsyning?
Vil du jobbe med juridiske problemstillinger knyttet til fornybar energi og sikker kraftforsyning?

Juridisk, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) • Tønsberg

On-site
NOK 630,000 - 1,000,000
Fleksitid
Delvis hjemmekontor
Sommertid
Vi trenger deg med interesse for energi, systemdrift, kraftmarkeder og samfunnsengasjement!
Vi trenger deg med interesse for energi, systemdrift, kraftmarkeder og samfunnsengasjement!

Sarah Ahmed • Oslo fylke

On-site
NOK 630,000 - 900,000
Fleksitidsordninger
Delvis hjemmekontor
Tilrettelegging for arbeid over tid
+2
Direktør for arealplanlegging, fjellskredovervåkning og kartlegging av flom- og skredfare
Direktør for arealplanlegging, fjellskredovervåkning og kartlegging av flom- og skredfare

Elisabeth Brøndrup Næss • Oslo fylke

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Lønn etter kvalifikasjoner
Statens pensjonskasse
NVE søker sommerstudenter for arbeid med flom og skred
NVE søker sommerstudenter for arbeid med flom og skred

Skred- og vassdrag, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) • Norway

Remote
NOK 207,000 - 289,000
Vil du jobbe med juridiske problemstillinger knyttet til fornybar energi og sikker kraftforsyning?
Vil du jobbe med juridiske problemstillinger knyttet til fornybar energi og sikker kraftforsyning?

Christina Wachter • Tønsberg

On-site
NOK 630,000 - 1,000,000
Fleksitidsordninger
Mulighet for delvis hjemmekontor
Tilpasset personalpolitikk
Top locations