Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Hemsedal Kommune søkjer avdelingsleiar for tildelingskontoret i helse- og omsorgstenestene. Vikariat 01.03.2027–15.08.2028, med ansvar for forsvarleg sakshandsaming og sval innbyggjarbeid.
Du vil samarbeide tett med andre fagmiljø og tenester for å sikre heilskaplege og berekraftige tenester, med vekt på tidleg innsats, meistring og kvalitet. Relevant leiarerfaring og god kjennskap til lovverk er avgjerande for rollen.
Vi har ledig 100 % vikariat som avdelingsleiar for tildelingskontoret.
Vikariat periode: 01.03.2027 - 15.08.2028
Har du eit engasjement for gode tenester, rettstryggleik og utvikling? Vi ser etter ein trygg og framtidsretta leiar som vil vere med på å sikre at innbyggjarane i Hemsedal får rett hjelp til rett tid.
Tildelingskontoret er kommunen sitt forvaltningskontor for helse- og omsorgstenester. Her møtest faglege vurderingar, lovverk, innbyggjarane sine behov og kommunen sine ressursar. Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å utvikle heilskaplege, berekraftige tenester med vekt på tidleg innsats, meistring og kvalitet.
Dette blir di rolle
Sikre forsvarleg sakshandsaming, gode individuelle vurderingar og kvalitet i tildeling av tenester.
Bidra til samhandling på tvers av fagmiljø og tenester, slik at innbyggjarane møter eit heilskapleg tilbod.
Ta aktiv del i utviklingsarbeidet i helse og omsorg og bidra til gode løysingar innanfor faglege, juridiske og økonomiske rammer.
Støtte, inspirere og utvikle medarbeidarar i eit viktig kompetansemiljø.
Har relevant helse- og/eller sosialfagleg utdanning frå høgskule eller universitet
Har god kjennskap til relevant lovverk og erfaring med sakshandsaming
Har relevant leiarerfaring; leiarutdanning er ønskjeleg, men lang leiarerfaring kan kompensere for manglande formell leiarutdanning
Kommuniserer tydeleg, byggjer gode relasjonar og skaper tillit
Arbeider strukturert og heilskapleg, tek gode avgjerder og står støtt i krevjande vurderingar
Ser moglegheiter for utvikling og evnar å få andre med på endring
Ei meiningsfull leiarrolle med høve til å påverke tenestene og utviklinga i kommunen.
Ein variert arbeidskvardag med engasjerte kollegaer og spennande faglege problemstillingar.
Gode pensjons- og forsikringsordninger.
Praktisk informasjon
Tildelingskontoret er organisert i kommunalsjefområdet helse og omsorg. Avdelingsleiaren rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg.