Vil du ha ei sentral leiarrolle i eit selskap med eit viktig samfunnsoppdrag?

NGIR RESSURS OG MILJØ

Alver

On-site

NOK 900,000 - 1,100,000

Full time

9 days ago

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

NGIR Ressurs og miljø AS i Alver søkjer ein assisterande ressurs- og miljøsjef som kan vidareutvikle organisasjonen, anlegga og samfunnsoppdraget vårt.

Du får personalansvar for delar av organisasjonen og vil vere ein synleg leiar som bidreg til god arbeidskultur, effektiv drift og høg kvalitet i tenestene våre. Rollen krev leiaregenskaper, resultatorientering og evne til tverrfagleg samarbeid.

Qualifications

  • Relevant høyere utdanning er påkrevd.
  • Erfaring frå leiing, prosjektarbeid eller koordinering.
  • Gode samarbeidsevner og gjennomføringsevne.
  • Evne til å omsette idear til resultat.

Responsibilities

  • Leie og vidareutvikle drift og prosjektforbetringar.
  • Personalansvar for delar av organisasjonen, oppfølging og tilrettelegging av medarbeidarar.
  • Være kontaktpunkt mot kundar, leverandørar og andre samarbeidspartnarar.
  • Bidra til kvalitet, berekraft og ressursutnytting.

Education

Relevant høyere utdanning

Job description

Vil du ha ei sentral leiarrolle i eit selskap med eit viktig samfunnsoppdrag?

Vil du ha ei sentral leiarrolle i eit selskap med eit viktig samfunnsoppdrag?

I NGIR jobbar vi kvar dag for å skape verdiar av ressursar som tidlegare vart rekna som avfall.
No søkjer vi ein assisterande ressurs- og miljøsjef som vil vere med på å videreutvikle både organisasjonen, anlegga våre og måten vi løyser samfunnsoppdraget på.

Dette er ei stilling for deg som trivst med ansvar, samarbeid og å omsetje idear til resultat. Du blir ein del av leiargruppa innan ressurs- og miljøområdet og får høve til å påverke drift, arbeidsprosessar og strategiske val i ei verksemd i kontinuerleg utvikling.

Som assisterande ressurs- og miljøsjef får du eit breitt ansvarsområde som omfattar både drift, leiing og forbetringsarbeid. Du vil bidra til at anlegg og tenester vert drivne effektivt, samtidig som du er med på å identifisere og gjennomføre tiltak som styrkjer kvalitet, berekraft og ressursutnytting.

I rolla har du personalansvar for delar av organisasjonen, med ansvar for oppfølging, utvikling og tilrettelegging for medarbeidarane. Du vil vere ein synleg og tilgjengeleg leiar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø, høg trivsel og gode resultat.

Arbeidskvardagen vil vere variert og spenne frå oppfølging av drift og prosjekt til HMS-, kvalitets- og organisasjonsarbeid. Du vil samarbeide tett med leiarar og medarbeidarar, og vere ein viktig kontaktperson i møte med kundar, leverandørar og andre samarbeidspartnarar.

Som assisterande ressurs- og miljøsjef er du stedfortredar for ressurs- og miljøsjefen, og vil ha fullmakt til å ivareta leiingsoppgåver og representere verksemda ved behov.

Vi ser etter deg som kombinerer gode leiareigenskapar med gjennomføringsevne, og som motiverast av å skape resultat gjennom menneske, teknologi og gode prosessar.

Vi trur du lykkast best hos oss dersom du er ein person som skapar tillit og engasjement rundt deg. Du er strukturert og løysingsorientert, men samtidig opptatt av menneska du jobbar saman med.

Du likar å ta ansvar, sjå moglegheiter og få ting til å skje.

relevant høgare utdanning

erfaring frå leiing, prosjektarbeid eller koordinering

Kvifor velje NGIR?

I NGIR får du meir enn ei leiarstilling. Du får moglegheita til å vere med på å løyse viktige samfunnsoppgåver og påverke korleis vi tek vare på ressursane våre i framtida.

Som assisterande ressurs- og miljøsjef får du ei sentral rolle i ein organisasjon med høge ambisjonar og korte avstandar mellom idé og handling. Du blir ein del av eit engasjert fagmiljø der vi samarbeider tett, utfordrar kvarandre og arbeider mot felles mål.

Hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med spennande utfordringar, stor påvirknad på utviklinga av selskapet og gode moglegheiter til å utvikle deg videre både fagleg og personleg.Samstundes får du bidra til berekraftige løysingar som skaper verdi for både eigarkommunane, innbyggjarane og miljøet.

I NGIR arbeider vi for ei meir berekraftig framtid gjennom smarte og framtidsretta ressursløysingar. Dersom du ønskjer ei rolle der du kan påverke, utvikle og skape resultat saman med dyktige kollegaer, håpar vi å høyre frå deg.

NGIR Ressurs og miljø AS er eit dotterselskap til NGIR IKS - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS.
NGIR tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund.
NGIR arbeider for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Selskapet tilbyr òg avfallstenester til næringslivet i regionen, og driftar eit deponi for lettare forureina massar. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune, ca 45 min køyring frå Bergen sentrum og 15 min frå Knarvik.
NGIR er organisert i tre selskap, har til saman 100 tilsette, og omset for om lag 199 millionar kroner.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Vil du ha ei sentral leiarrolle i eit selskap med eit viktig samfunnsoppdrag?
Vil du ha ei sentral leiarrolle i eit selskap med eit viktig samfunnsoppdrag?

NGIR RESSURS OG MILJØ • Hundvin

On-site
NOK 900,000 - 1,150,000
Tilkallingsvikar
Tilkallingsvikar

NGIR DRIFT AS • Alver

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Assisterande ressurs- og miljøsjef: leiing for berekraft
Assisterande ressurs- og miljøsjef: leiing for berekraft

NGIR RESSURS OG MILJØ • Alver

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Produksjonsleder i Tønsberg, NG Nordic
Produksjonsleder i Tønsberg, NG Nordic

Skagerak Consulting AS • Tønsberg

On-site
NOK 900,000 - 1,300,000
Gode utviklingsmuligheter
Konkurransedyktige betingelser
Samarbeid med fagmiljøer i konsern
Senior miljørådgiver - forurenset grunn
Senior miljørådgiver - forurenset grunn

Niras Norge AS • Oslo

On-site
NOK 700,000 - 1,000,000
Konkurransedyktig lønn
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Fem ukers ferie, samt fri i påskeuken
+1
Fagarbeider i gruppe vedlikehold
Fagarbeider i gruppe vedlikehold

Nedre Romerike vann- og avløpsselskap IKS (NRVA IKS) • Strømmen

On-site
NOK 520,000 - 640,000
6 måneders prøvetid
Konkurransedyktig lønn
Meget gode pensjons- og forsikringsord
Vi søker servicemedarbeider
Vi søker servicemedarbeider

Innherred Renovasjon • Borg, Inderøy, Verdalsøra, Marienborg

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Betongsagere / Kjerneborere
Betongsagere / Kjerneborere

Urban Reuse Norway AS • Oslo

On-site
NOK 520,000 - 660,000
Kurs og opplæring
Moderne utstyrspark
Geotekniker - spennende prosjekter og utvikling hos NIRAS
Geotekniker - spennende prosjekter og utvikling hos NIRAS

Niras Norge AS • Oslo fylke

On-site
NOK 700,000 - 1,000,000
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Fem ukers ferie
Faglig og personlig utvikling gjennom?
Vedlikeholdsleder
Vedlikeholdsleder

Tafjord Kraft AS • Ålesund

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Pensjonsordning
Forsikringsordning
Bedriftsidrettslag