A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
NGIR Drift AS i regionen søkjer tilkallingsvikarar som kan stille ved behov.
Som sjåfør i NGIR er du ein viktig del av kvardagen til folk i regionen. Du vil arbeide med køyring av renovasjonsbil og innsamling av avfall frå husstandar, hytter og næringskundar.
Du må ha Godkjent YSK (kode 95). Det er fordel med køyreerfaring, men ikkje eit krav. Du blir ein del av eit godt sjåførteam med fokus på service og miljøansvar.
Ønskjer du ein aktiv og meiningsfull jobb?
Som sjåfør i NGIR er du ein viktig del av kvardagen til folk i regionen.
Du sørgjer for at avfall blir handtert på ein smart og berekraftig måte, og bidreg til at viktige tenester fungerer som dei skal.
Vi søkjer no etter tilkallingsvikarar som kan stille ved behov.
Du blir ein del av eit godt sjåførteam og representerer NGIR ute hos kundane våre.
Du vil arbeide med køyring av renovasjonsbil og innsamling av avfall frå husstandar, hytter og næringskundar.
Du vil òg registrere avvik ved behov og bidra til enkelt vedlikehald og reinhald av bilen.
Du må ha:
Det er ein fordel med køyreerfaring, men ikkje eit krav.
Du trivst med fysisk arbeid og å jobbe ute, og møter kundar og kollegaer med ei god servicehaldning.
Lurer du på noko?
Ring transportleiar Karl André Dale på 916 78 784, han tek gjerne ein prat!
NGIR Drift AS er eit dotterselskap til NGIR IKS - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS. NGIR tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR arbeider for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Selskapet tilbyr òg avfallstenester til næringslivet i regionen, og driftar eit deponi for lettare forureina massar. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune, ca 45 min køyring frå Bergen sentrum og 15 min frå Knarvik. NGIR er organisert i tre selskap, har til saman 100 tilsette, og omset for om lag 199 millionar kroner.