Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Fjord1 tilbyr en stilling som matrose i ressursgruppa med fast turnus. Du blir utsjekka på hovudfartøy og reservefartøy, og tenestgjer på ulike samband etter behov. Arbeidskvardagen er variert, med ulike fartøy og ruter, og krever erfaren, dyktig og trygg kapasitet i rolla.
Du vil disponere eigen bil og dekkast av reisekostnader over 15 km mellom bustad og arbeid. Vi søkjer ein påliteleg og løysingsorientert person som trivst i samarbeid, men også kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når
Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og 84-timars arbeidsavtale.
Som matros i ressursgruppa vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband etter behov. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som matros. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk, og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal.
I stillinga er det ein føresetnad at du disponerer eigen bil og bur innan rimeleg reiseavstand, då arbeidet omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.
Vi ser etter ein erfaren, påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid tryggleik og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.