Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Fjord1 søker maskinsjef i sambandet Mordalsvågen - Solholmen, p.t. MF Ivar Aasen. Du blir nøkkelpersonen i maskinrommet med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt.
Turnus er 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. Vi tilbyr ei valfri 7/12-ordning som gir 7 ekstravakter som vert kompensert som 12 vakter, pluss dekning av reiseutgifter over 30 km. Søknadsfrist: 05.10.2026.
Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Solholmen-Mordalsvågen, p.t. MF Ivar Aasen. Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt.
Maskinsjef i sambandet Mordalsvågen - Solholmen, p.t. MF Ivar Aasen
Vil du bli vår nye maskinsjef? Maritim Drift, Fjord1 AS
Maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, samtidig som du jobbar med eit triveleg og inkluderande mannskap.
Turnus er 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. På Ivar Aasen har vi ei valfri 7/12 ordning, som inneber at man i tillegg til ordinær skiftplan forpliktar seg til 7 ekstravakter som takast i løpet av året. For desse 7 ekstravaktene vert du kompensert for 12 vakter, derav 6 nattevakter og 6 dagvakter. I tillegg får man i ordninga heile året dekka reise utover 30km, til og frå arbeid første og siste tur.
Mordalsvågen - Solholmen er ei fin rute der du får pausar både midt på dag og på natt.
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Stillingstittel: Maskinsjef i sambandet Mordalsvågen - Solholmen, p.t. MF Ivar Aasen
Søknadsfrist: 05.10.2026
Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Adresse: Mordalsvågen ferjekai, 6411 Molde, Norge
Jill Mari Juberg
Rekrutteringsmedarbeider
Telefon: +47 +4794082518
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.