Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Fjord1 AS søkjer maskinsjef i sambandet Lavik-Oppedal. Du blir ansvarleg for maskineri og energisystem, sikre drift og teknisk stabilitet om bord. Stillinga inneber eit sentralt tilsyn med vedlikehald og tryggleik, kombinert med dagvakter (2 veker på/2 veker fri) og dekka reisekostnader første og siste dag i arbeidsperioden.
Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, velferdsgoder og god pensjon. Søkjarar vert vurderte fortløpande.
FJord1 har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Lavik-Oppedal.
Ferjesambandet vil kombinere autonom ferjedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
Skiftordning er dagvakter med 2 veker på og 2 veker fri.
Reisekostnadar første og siste dag i arbeidsperiode vert dekka.
Hos Fjord1 får du konkurransedyktige vilkår, attraktive velferdsgoder og god pensjonsordning.
Vi vurderer kandidatar fortløpande.
Søknadsfrist: 11.10.2026
Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Stillingstittel: Maskinsjef, Lavik-Oppedal
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5166845392
Lavik, 6947 Lavik, Norge
Sigrunn Hellebust
Rekrutteringsmedarbeider
Telefon: +47 47330488
E-post: sigrunn.hellebust@fjord1.no
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.