Vil du bli vår nye kjemikar og arbeide med avansert massespektrometri?

Helse Bergen HF, Laboratorieklinikken

Bergen

On-site

NOK 850,000 - 1,100,000

Full time

14 days+

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, søkjer kjemikar ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF). Du blir ein del av eit sterkt og spesialisert fagmiljø med ei av dei største LC-MS-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Arbeidet omfatter utvikling, validering og kvalitetsforbetring av analysar innan hormon, legemiddel og rusmiddel.

Du har MSc eller PhD i analytisk kjemi eller biokjemi. Erfaring med metodeutvikling, validering eller instrumentvedlikehald er ein fordel.

Qualifications

  • Mastergrad eller ph.d. i analytisk kjemi eller biokjemi.
  • Fordel med erfaring i utvikling av metode og validering.
  • Fordel med erfaring frå akkreditert laboratorium.
  • Viktige eigenskapar: analytisk tenking og god kommunikasjon.

Responsibilities

  • Utarbeide prosedyrar, metodebeskrivingar og valideringsrapportar.
  • Bidra til drift, feilsøking og vedlikehald av instrumentering.
  • Bidra til fagleg rådgiving, opplæring og kompetanseutvikling i avdelinga.
  • Andre relevante oppgåver kan bli lagde til stillinga.

Skills

Analytisk kjemi
Laboratoriearbeid
Samarbeid

Education

Mastergrad/PhD i analytisk kjemi

Tools

LC-MS/MS
LC-QTOF-MS
GC-FID

Job description

Vil du arbeide med avansert laboratorieteknologi i eit av Noregs største og mest spesialiserte massespektrometrimiljø?

Ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) i Helse Bergen har vi ledig ei fast stilling som kjemikar.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt og spesialisert fagmiljø, med ei av dei største LC-MS-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Du vil arbeide med utvikling, validering og kvalitetsforbetring av analysar innan hormon, legemiddel og rusmiddel. Stillinga gir deg ei sentral rolle i den daglege laboratoriedrifta, samtidig som du får gode moglegheiter til å delta i fagutvikling, metodeutvikling og forskingsaktivitet.

Vi søkjer ein fagleg engasjert og nysgjerrig kjemikar med mastergrad eller ph.d. innan analytisk kjemi, biokjemi eller tilsvarande fagområde. Vi ser etter deg som har interesse for avansert analysearbeid, trivst med tekniske og faglege utfordringar og ønskjer å bidra til vidareutvikling av laboratorietilbodet vårt.
Du treng ikkje ha erfaring frå sjukehuslaboratorium for å vere aktuell. Har du bakgrunn frå akademia, farmasøytisk industri, næringsmiddelindustri eller andre analytiske laboratorium, oppmodar vi deg til å søkje. Vi ønskjer å kome i kontakt med kandidatar som har eit godt analytisk fundament, evne til å arbeide sjølvstendig og motivasjon for å utvikle seg vidare saman med oss.

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av seks avdelingar i Laboratorieklinikken ved Helse Bergen og har om lag 370 tilsette. Avdelinga omfattar 12 analytiske og fire ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt NAPOS, NOKLUS og RELIS.
Vi utfører eit breitt spekter av analysar innan medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi. Verksemda vår omfattar omfattande rutinedrift, forsking, utviklingsarbeid og innovasjon. Laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189.
Alle LC-MS/MS-metodane er utvikla av kjemikarar ved avdelinga. Dette gir unike moglegheiter til å påverke utvikling, validering og implementering av nye analysemetodar.
Seksjonane for hormonanalysar og lege- og rusmiddelanalysar har ein av dei største LC-MS-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Instrumentparken omfattar 16 LC-MS/MS-instrument, tre LC-QTOF-MS-instrument, eitt GC-FID-instrument og seks moderne robotar for prøvehandtering og prøveopparbeiding.

  • Utarbeide prosedyrar, metodebeskrivingar og valideringsrapportar
  • Bidra til drift, feilsøking og vedlikehald av instrumentering
  • Bidra til fagleg rådgiving, opplæring og kompetanseutvikling i avdelinga
  • Andre relevante oppgåver kan bli lagde til stillinga
Kvalifikasjonar
  • Mastergrad eller ph.d. innan analytisk kjemi, biokjemi eller tilsvarande fagområde
  • Erfaring med metodeutvikling, validering eller instrumentvedlikehald er ein fordel
  • Erfaring frå akkreditert laboratorium er ein fordel
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivst med å lære frå deg og er god til å kommunisere
  • Eit sterkt tverrfagleg miljø med høg kompetanse innan analytisk kjemi, farmakologi og laboratoriemedisin
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Seksjonsleiar seksjon for lege- og rusmiddelanalysar

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Vil du bli vår nye kjemikar og arbeide med avansert massespektrometri?
Vil du bli vår nye kjemikar og arbeide med avansert massespektrometri?

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen HF • Bergen

On-site
NOK 650,000 - 900,000
Eit sterkt tverrfagleg miljø
Løn etter avtale
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
+1
Vil du bli vår nye kjemikar og arbeide med avansert massespektrometri?
Vil du bli vår nye kjemikar og arbeide med avansert massespektrometri?

Christina Ramsnes • Bergen

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Løn etter avtale
Godt og inkluderande arbeidsmiljø
IA-bedrift
+1
Vil du bli vår nye assisterande seksjonsleiar?
Vil du bli vår nye assisterande seksjonsleiar?

Helse Bergen • Bergen

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Vil du bli vår nye assisterande seksjonsleiar
Vil du bli vår nye assisterande seksjonsleiar

Helse Bergen Hf • Bergen

On-site
NOK 700,000 - 860,000
Vil du bli vår nye assisterande seksjonsleiar?
Vil du bli vår nye assisterande seksjonsleiar?

Ingunn Børø • Bergen

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Fagleg utvikling
Variert arbeid
Dagstilling utan vakter
+1
Kjemikar: avansert massespektrometri og utvikling
Kjemikar: avansert massespektrometri og utvikling

Helse Stavanger • Bergen

On-site
NOK 850,000 - 1,100,000
Faste stillingar og ferievikariat i Laboratorieklinikken
Faste stillingar og ferievikariat i Laboratorieklinikken

Helse Bergen Hf • Bergen

Hybrid
NOK 550,000 - 700,000
Kjemikar: avansert massespektrometri og metodeutvikling
Kjemikar: avansert massespektrometri og metodeutvikling

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen HF • Bergen

On-site
NOK 650,000 - 900,000
Eit sterkt tverrfagleg miljø
Løn etter avtale
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
+1
Faste stillingar og ferievikariat i Laboratorieklinikken
Faste stillingar og ferievikariat i Laboratorieklinikken

Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF • Bergen

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Lønn etter tariffavtale
Klinikk i utvikling
Inkluderende arbeidsplass
Vil du bli vår nye assisterande seksjonsleiar?
Vil du bli vår nye assisterande seksjonsleiar?

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen HF • Bergen

On-site
NOK 900,000 - 1,300,000
Top locations