Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Bergen søkjer ein engasjert assisterande seksjonsleiar for å byggje opp, utvikle og forme den nye preanalytiske og pasientnære analyse-seksjonen ved MBF i Bergen. Du vil samarbeide tett med seksjonsleiar og ein annan assisterande seksjonsleiar og ha ei sentral rolle i medarbeidarfølgjing, ressursplanlegging og utvikling av arbeidsprosessar.
MBF er ei avdeling ved Laboratorieklinikken og tilsvarande institusjonar, med fokus på rutinedrift, forsking og innovasjon.
Vil du vere med å utvikle og forme ein ny seksjon i MBF?
Frå 1. mars 2027 blir preanalytisk seksjon og seksjon for pasientnær analysering samla til éi felles eining. Vi søkjer no ein engasjert og utviklingsorientert assisterande seksjonsleiar som ønskjer å vere med på å bygge opp, utvikle og forme den nye seksjonen.
Dette er ei spennande moglegheit for deg som trivst med ansvar, samarbeid og utviklingsarbeid. I tett samarbeid med seksjonsleiar og ein annan assisterande seksjonsleiar vil du få ei sentral rolle i medarbeidaroppfølging, ressursplanlegging og vidareutvikling av arbeidsprosessar og tenester
MBF står framfor fleire viktige utviklings- og endringsprosessar i åra som kjem. Som assisterande seksjonsleiar får du vere med på å forme den nye seksjonen og bidra til videre utvikling av laboratorietenestene i avdelinga.
Litt om oss
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av seks avdelingar i Laboratorieklinikken ved Helse Bergen og har om lag 370 tilsette. Avdelinga omfattar 12 analytiske og fire ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene innan medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt NAPOS, NOKLUS og RELIS.
Verksemda omfattar rutinedrift, forsking, utviklingsarbeid og innovasjon, og laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.