Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Gloppen kommune i Gloppen heimeteneste søkjer sjukepleiarar til nattestilling på 50% med snarlig oppstart. Du blir ein del av eit nattevaktslag og samarbeidar for å sikre trygge tenester gjennom natta.
Me søkjer kandidatar som har fagleg tryggleik, kjennskap til kvardagsmeistring og evne til å arbeide sjølvstendig. Førarkort og god norskkunnskap er krav, og arbeidstida vert tilpassa natt.
Er du sjukepleiar, verenpleiar eller helsefagarbeidar- og trivst best når andre har gått til ro?
Medan bygda søv, er vi på vegen. Vi køyrer gjennom mørke haustkveldar, vinterstormar og stille sommarnetter. Kanskje møter vi hjort i vegkanten, ein rev eller berre stjernehimmelen som selskap. Hjå oss får du litt av alt- og ingnen nattevakter er heilt like.
Vi søkjer deg som vil bli ein del av nattevaktslaget vårt i Gloppen heimeteneste.
Vi i heimetenesta har ledig 50 % fast stilling på natt, oppstart snarast.
Du blir ein del av eit nattevaktslag der de er to medarbeidaar på arbeid saman. De samarbeider, støttar kvarandre og sørgjer for at dei som treng hjelp i heimen sin, får trygge og gode tenester gjennom natta. Du må tivast med å ta ansvar, gjere faglege vurderingar og fine gode løysingar når situasjonar oppstår. Og, ja - du må vere komfortabel med å køyre bil i mørket, på smale vegar og i vestlandsver av alle slag.
Målet til heimesjukepleien er å bidra til at innbyggjarar i kommunen kan meistre livet sitt i heimen, og vi jobbar med fokus på kvardagsmeistring. Området strekkes rundt Gloppefjorden; frå Hestenesøyra - Sandane - Anda, til Breim.
Kjenner du deg freista? Vi lovar ikkje nordlys kvar natt, og hjorten held ikkje alltid avtalen sin om å dukke opp. Men vi kan love deg jobb der du betyr mykje for andre, får ansvar og blir ein del av eit viktig lag.
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding.
Cecilie M. Helgheim,Tenesteleiar heimetenesta,+47 472 60 601
Grandavegen 9
6823Sandane
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5202629067
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026