Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Gloppen kommune søkjer sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar til nattevakt i heimetenesta i Gloppen. Du blir ein del av eit to-personers nattevaktslag som samarbeid, støttar og sikrar trygge tenester i heimen om natta.
Tilsetting krev godkjent utdanning som sjukepleiar og evne til å ta faglege vurderingar, med vekt på kvardagsmeistring og evne til å kjøre i mørket. Stillinga er 50% natt og kan tilpassast praktisk for stor anna aktivitet.
Er du sjukepleiar, verenpleiar eller helsefagarbeidar- og trivst best når andre har gått til ro?
Medan bygda søv, er vi på vegen. Vi køyrer gjennom mørke haustkveldar, vinterstormar og stille sommarnetter. Kanskje møter vi hjort i vegkanten, ein rev eller berre stjernehimmelen som selskap. Hjå oss får du litt av alt- og ingnen nattevakter er heilt like.
Vi søkjer deg som vil bli ein del av nattevaktslaget vårt i Gloppen heimeteneste.
Du blir ein del av eit nattevaktslag der de er to medarbeidaar på arbeid saman. De samarbeider, støttar kvarandre og sørgjer for at dei som treng hjelp i heimen sin, får trygge og gode tenester gjennom natta. Du må tivast med å ta ansvar, gjere faglege vurderingar og fine gode løysingar når situasjonar oppstår. Og, ja - du må vere komfortabel med å køyre bil i mørket, på smale vegar og i vestlandsver av alle slag.
Målet til heimesjukepleien er å bidra til at innbyggjarar i kommunen kan meistre livet sitt i heimen, og vi jobbar med fokus på kvardagsmeistring. Området strekk seg rundt Gloppefjorden; frå Hestenesøyra - Sandane - Anda, til Breim.
Søknadsfrist:
Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarb/hj.pleiar på natt
Kjenner du deg freista? Vi lovar ikkje nordlys kvar natt, og hjorten held ikkje alltid avtalen sin om å dukke opp. Men vi kan love deg jobb der du betyr mykje for andre, får ansvar og blir ein del av eit viktig lag.
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding.
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.