Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Villa Gjerdebu tilbyr eit trygt og tilrettelagt bu- og avlastingstilbod for barn og ungdom. Stillinga inngår i turnus med dag-, kveld- og helgevakter i vaktordningar.
4 faste helgestillingar og eit vikariat på ca. 20% til 100% frå 01.03.26 til 01.12.27, med mogleg forlenging. Leier til elevar innan helse- og sosialfag, men oppmodar også andre med relevant erfaring å søkja.
Vil du gjera ein forskjell for barn og ungdom? Villa Gjerdebu tilbyr eit trygt og tilrettelagt bu- og avlastingstilbod for barn og ungdom. Tenesta legg vekt på meistring, trivsel, deltaking og gode opplevingar i kvardagen. Helgestillingane inngår i turnus med arbeid kvar 3. eller 4. helg etter avtale. Vikariatet inngår i turnus med dag-, kveld- og helgevakter. Kommunalavdeling helse og omsorg i Voss herad søkjer engasjerte medarbeidarar til vår avlastningstilbod for barn og ungdom. Me har ledig: 4 faste helgestillingar på ca. 20%1 vikariat 100 % frå 01.03.26 til 01.12.27 med mogleg forlenging. Stillingane på helg passer godt for studentar innan vernepleie, sjukepleie, barnevern, sosialt arbeid og andre helse- og sosialfaglege utdanningar, men me oppmodar også andre med relevant erfaring og interesse for målgruppa om å søkja. I vikariatet ynskjer ein fagarbeider med relevant utdanning. Hos oss får du ein meiningsfull jobb der du bidreg til trygge, aktive og innhaldsrike dagar for barn og ungdom med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov.
Villa Gjerdebu tilbyr eit trygt og tilrettelagt bu- og avlastingstilbod for barn og ungdom. Tenesta legg vekt på meistring, trivsel, deltaking og gode opplevingar i kvardagen. Helgestillingane inngår i turnus med arbeid kvar 3. eller 4. helg etter avtale. Vikariatet inngår i turnus med dag-, kveld- og helgevakter.
Me søkjer deg som:
Har du ein partnar som òg er på jakt etter jobb? På Hardanger og Voss kallar finn de informasjon om regionen og ledige stillingar.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Vil du vera med og skapa trygge rammer, gode opplevingar og utviklingsmoglegheiter for barn og ungdom? Då ser me fram til å høyra frå deg. Velkomen som søkjar i Voss herad!
Har du ein partnar som òg er på jakt etter jobb? På Hardanger og Voss kallar finn de informasjon om regionen og ledige stillingar.