A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Voss sjukehus, ein del av Helse Bergen HF, søker LIS2/3 i indremedisin frå 01.03.2027. Vikariatet kan telle som del av spesialistutdanninga og tilbyr solide læringsrammer og god faglig vekst.
Avdelinga fokuserer på visitt, poliklinikk og vaktarbeid med tett samarbeid med LIS1 og erfarne overlege. Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og hjelpsom bustadordning ved behov.
Likar du å finne svar når fasiten ikkje er opplagd? Då kan du passe godt inn hjå oss! Me har ledig vikariat for LIS2/3 i indremedisin frå 01.03.2027.Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.
Generell indremedisin på Voss er ein framoverlent gjeng som består av 2 gastroenterologar, 2 lungelegar, geriater, kardiolog og nefrolog. Me ynskjer å styrke LIS 2/3-laget, og det er der du som les dette kjem inn i bilete.
I vår avdeling står faget i fokus og me legg vekt på gode rammer for læring og faglig vekst. Det er dette som sikrar god og trygg behandling av pasientane våre. Me har sengepost med 20 senger og kort liggetid, i tillegg til høg aktivitet i poliklinikk. Ved visittarbeid er det alltid dedikert overlegeressurs tilgjengeleg. Aktuelle prosedyrar i vår avdeling er pleuratapping, ascitestapping, lumbalpunksjon, gastroskopi, coloskopi, ekkokardiografi, arbeids EKG, spirometri / TLCO, CPET (VO2Max) og dialysebehandling. Aktivitet vil henge saman med kva fagfelt ein har valdt å fokusere på med omsyn til læringsmål. Me har eigen utdanningsansvarleg overlege som bidreg til å tilpasse aktivitet i poliklinikk med læringsmål. På vakt vil du møte faget i full breidde og me har også mottak av hjerneslag og trombolytisk behandling. Du har tett samhandling med LIS1 og erfarne overlegar på vakt.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.