Aumenta le possibilità di ricevere una risposta da questo datore di lavoro
Il tuo curriculum e una lettera di presentazione personalizzati, che corrispondono esattamente a ciò che sta cercando.
Voss Sjukehus i Vestland fylke tilbyr fast LIS2/3-stilling i indremedisin frå 01.03.2027. Avdelinga har fokus på læring, grundige rammer for fagleg vekst og god pasientbehandling. Det vert tilsette spesialistar i relevant fagfelt og støtta opp med overlegeressurs ved vakt og i poliklinikk.
Tilsette LIS2/3 får vidareutdanning i generell indremedisin og kan etter fullført spesialisering gå vidare som legespesialist. Bustadhjelp blir tilbydd ved behov og søknad vert verdsett.
Likar du å finne svar når fasiten ikkje er opplagd? Då kan du passe godt inn hjå oss! Me har ledig fast stilling for LIS2/3 i indremedisin frå 01.03.2027.
Me tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i generell indremedisin. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Generell indremedisin på Voss er ein framoverlent gjeng som består av 2 gastroenterologar, 2 lungelegar, geriater, kardiolog og nefrolog. Me ynskjer å styrke LIS 2/3-laget, og det er der du som les dette kjem inn i bilete.
I vår avdeling står faget i fokus og me legg vekt på gode rammer for læring og faglig vekst. Det er dette som sikrar god og trygg behandling av pasientane våre. Me har sengepost med 20 senger og kort liggetid, i tillegg til høg aktivitet i poliklinikk. Ved visittarbeid er det alltid dedikert overlegeressurs tilgjengeleg. Aktuelle prosedyrar i vår avdeling er pleuratapping, ascitestapping, lumbalpunksjon, gastroskopi, coloskopi, ekkokardiografi, arbeids EKG, spirometri / TLCO, CPET (VO2Max) og dialysebehandling. Aktivitet vil henge saman med kva fagfelt ein har valdt å fokusere på med omsyn til læringsmål. Me har eigen utdanningsansvarleg overlege som bidreg til å tilpasse aktivitet i poliklinikk med læringsmål. På vakt vil du møte faget i full breidde og me har også mottak av hjerneslag og trombolytisk behandling. Du har tett samhandling med LIS1 og erfarne overlegar på vakt. Fast tilsette LIS2/3 ved Voss Sjukehus kan gjennomføre gruppe 1 teneste ved HaukelandUniversitetssjukehus.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.