
Enable job alerts via email!
Generate a tailored resume in minutes
Land an interview and earn more. Learn more
En lokal kommune i Bryne søker engasjerte vikarer til barnehagene for kortere og lengre oppdrag. Rolle inkluderer planlegging og gjennomføring av aktiviteter, samt bidrag til den daglige driften. Kreves gyldig politiattest og gode norskkunnskaper. Vi oppfordrer kvalifiserte til å søke.
Vikarar og tilkallingsvikarar i barnehagane i Time kommune
Me treng fleire dyktige vikarar i barnehagane våre!
Er du ein som brenn for barna, og som ønskjer å vera med på å skapa gode dagar i barnehagen?
Barnehagane i Time kommune ser no etter engasjerte og dyktige tilkallingsvikarar, og vikarar til kortare og lengre vikariat. Oppdraga vil variera i varigheit og omfang, og du vil i periodar kunne jobba opp til full stilling.
Du kan lesa meir om den enkelte barnehage her: https://www.time.kommune.no/tenester/barnehage-skule-og-familie/barnehage/barnehagar-i-time/
Me håper at du vil vera med på laget vårt!
Me gjer merksam på at dette ikkje er ei vanleg stillingsutlysning, og du vil få ei bekrefting på at me har mottatt søknaden din. Det vert ikkje sendt avslagsbrev.
Me ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt, samt er god på:
Helga Monge Sigbjørnsen, Rådgjevar, 950 78 375, helga.monge.sigbjornsen@time.kommune.no
Vibeke Fossdal, Barnehagesjef, +47 905 09 246, vibeke.fossdal@time.kommune.no
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidssyn til kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.