Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Vik kommune utlyser eit 100% vikariat som tenesteleiar ved Vik sjukeheim og Vik helse- og omsorgssenter frå snarast til januar 2028. Som tenesteleiar får du ansvar for demensavdeling, langtidsavdeling og korttidsavdeling samt institusjonskjøkkenet.
Du blir ein del av leiartemmedlem i helse- og omsorgstenesta og får ei viktig rolle i vidareutvikling av tenestene i kommunen. Det er kort veg til Voss, Sogndal, Førde og Bergen.
Vik kommune har ledig 100 % vikariat som tenesteleiar ved Vik sjukeheim, Vik helse- og omsorgssenter, frå snarast til januar 2028.
Som tenesteleiar får du ansvar for demensavdeling, langtidsavdeling og korttidsavdeling med om lag 30 årsverk. I tillegg vil du ha ansvar for institusjonskjøkenet med om lag 3 årsverk. Du blir ein del av leiarteamet i helse- og omsorgstenesta og får ei viktig rolle i vidareutvikling av tenestene i kommunen.
Vik kommune er liten med om lag 2 600 innbyggjarar, men tenkjer stort. Helse- og omsorgstenesta er samla i nye og moderne lokale med sjukeheim, heimetenester, rehabilitering, omsorgsbustader, institusjonskjøkken, dagtilbod og tenester innan psykisk helse. Me har fokus på meistring, rehabilitering, demensomsorg og bruk av velferdsteknologi. Dette gir gode moglegheiter for samarbeid på tvers av fagområde og for å vere med på spennande og framtidsretta utviklingsarbeid.
Det er kort veg til Voss, Sogndal, Førde og Bergen.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må dugrunngje dette i søknaden.