Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Fjord1 ASA i Florø søker ein teknisk inspektør som skal ta ansvar for tre hybride ferjer konvertert frå diesel til elektro, samt eit reservefartøy. Du vil vere ansvarleg for at fartøy og ladeanlegg til ei kvar tid er teknisk operative, og vere eit viktig bindeledd mellom landorganisasjonen og drift.
Du må ha god teknisk kompetanse, like å vere ute i feltet, og kunne handtere komplekse problemstillingar med høg gjennomføringsevne.
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan grønt skifte og teknologi, og vi står i front med ein fartøysportefølje som er blant dei mest teknisk avanserte i verda. Vårt fokus er å vere best på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport, og som teknisk inspektør får du ei viktig rolle i selskapet.
I denne stillinga vil du få ansvar for tre hybride ferjer, bygd om fra diesel til elektro, i tillegg til eit reservefartøy. D u vert ansvarleg for at fartøy og tilhøyrande ladeanlegg til ei kvar tid er teknisk operative. Du vil vere eit viktig bindeledd mellom landorganisasjonen og drift. Som teknisk inspektør bistår du fartøya ved eventuelle tekniske utfordringar, styrer budsjett for fartøya og du er med å både planlegge og gjennomføre verkstadopphald. Har du interesse for motor, batteriteknologi og ladesystem, og korleis desse systemene fungerer samman, då er dette ein spanande jobb for deg.
Her treng du ikkje superkrefter, men du må ha god teknisk kompetanse og like å vere ute i feltet der det skjer. Du må kunne handtere komplekse problemstillingar, og du har høg gjennomføringsevne. Du likar å jobbe sjølvstendig, og skapar gode relasjonar til kollegaer.
I Fjord1 inngår du i eit sterkt fagleg nettverk, med kollegaer lokalisert på våre kontor i Florø, Bergen og Molde. Vi treng å styrke vårt team i Florø, då ein kollega har fått nye utfordringar internt i organisasjonen. F or rette kandidat kan også kontorlokalitet Molde vurderast.
Har du interesse for gode løysingar, og ynskjer å påverke drift og vedlikehald av ferjer i nokre av våre viktige samband langs norskekysten? Då er du den vi leitar etter!
Vi ser etter ein teknisk dyktig og sjølvstendig person som har eit sterkt engasjement for kvalitet og driftssikkerheit. Du har evne til å handtere utfordringar og finne løysingar på komplekse problem. Du trivst i ei sjølvstendig rolle, men veit også at samarbeid er nøkkelen til suksess. Som teknisk inspektør hos oss tar du ansvar for viktige tekniske oppgåver, og vi ønskjer ein person som er proaktiv og har høg gjennomføringsevne.
For å lykkast i rolla ser vi for oss at du har:
Som teknisk inspektør hos Fjord1 får du moglegheita til å vere med på å forme framtida for eit av dei mest spennande og innovative selskapa innan grønn maritim transport. Du får jobbe med tekniske utfordringar på verdsleiande fartøy og tett med eit sterkt team av fagfolk. Vi tilbyr ei sjølvstendig stilling med stort ansvar, der du får ta eigne beslutningar og vere med på å sikre høg teknisk standard på våre fartøy. Hos oss får du gode moglegheiter for fagleg utvikling og vekst, og du blir ein del av eit arbeidsteam med høgt fokus på trivsel og samarbeid. Vi legg stor vekt på fleksibilitet, og hos oss får du mulighet til å påverke både arbeidsmetodar og tekniske løysingar.
Teamet i Florø er klar til å ta imot deg! Saman med resten av gjengen i Fjord1 leverer vi tenester for samfunnskritisk infrastruktur med stoltheit. Når vi krydrar dette med gode velferdstilbod, forsikringar og blant dei beste pensjonsordningane i marknaden, så håpar vi du blir nysgjerrig på oss!