
Enable job alerts via email!
Generate a tailored resume in minutes
Land an interview and earn more. Learn more
En lokal organisasjon søker engasjerte medarbeidere til avlastningsbustader i Vestland. Stillingene krever relevant utdanning og erfaring med barn og ungdom. Vi tilbyr et meningsfullt arbeid der du kan gjøre en forskjell, gode pensjonsordninger, samt muligheter for utvikling. Dette er en 6-måneders vikariat med mulighet for forlenging.
Me søkjer engasjerte og fagleg dyktige medarbeideidarar til Avlastningsbustader for eit 6 månader vikariat, med moglegheit for forlenging og fast tisetjing ved ny utysning. Vi har behov for fleire tilsette på langvakter i helg og skuleferier, kveld og våken natt.
Tiltreding så snart som mogleg, og søknadar vil bli sakshandsama fortløpande
Avlastningsbustadar gir avlastning i institusjon til pårørande med særleg tyngande arbeidsoppgåver. Her kjem barn og unge på timeavlastning og døgn avlastning. Det er en mangfoldig gruppe og me rommar alle. Me skal i lag med pårørande være ein forlengelse av heimen. Ein skal øve på hverdagslege oppgåvar som er forventet ut frå alder.
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeida sjølvstendig.
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Habiliteringstenester i Alver kommune gjevtenester til personar med nedsett funksjonevne/ utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.