Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Åheim bufellesskap ligg idyllisk til ved elva i Tokke kommune. Eininga yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar i alle aldrar, både til dei som bur i bufellesskapet og til heimebuande. Her arbeidar vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar i årsturnus med lange vakter.
Vi søkjer vernepleiar og/eller sjukepleiar til fast stilling og vikariat. Arbeidsoppgåver inkluderer praktisk bistand, miljøarbeid, opplæring, rettleiing og dokumentasjon i journalsystem.
Me søkjer vernepleiar og/eller sjukepleiar til fast stilling og vikariat. Oppstart etter avtale.
Åheim bufellesskap ligg idyllisk til ved elva i Tokke kommune. Eininga yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar i alle aldrar, både til dei som bur i bufellesskapet og til heimebuande. Her jobbar det vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar i årsturnus med lange vakter. Me arbeider for at tenestemottakar skal ha eit meiningsfylt liv med moglegheitar til deltaking i samfunnet på lik linje med andre.

Me har også eit dagsenter/tilrettelagt arbeidsplass som heiter BABU. Motto vårt er; "Me sprer gleder". Der arbeider me med ulike oppgåver som henting og sortering av tomgods, vedproduksjon, vedlikehald av grøntareal, ulike tenestar for kommunen og prosjekt for å spreie gleder i bygda.
Andre opplysningar.
Stillinga inneber arbeid i årsturnus med 12-timars vakter og arbeid kvar 4.helg. Om du ynskjer ekstra helger i årsturnus vert dette kompansert med 1500,- pr. vakt.
Dersom du får tilbod om stillinga, må du legge fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lovar, regelverk, avtaler og kommunale vedtak.
Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
May Anette Brattestå Sollie,Avdelingsleiar,+47 48297251
Ivirovegen
3880Dalen
Arbeidsgivar: Tokke kommune
Referansenr.: 5198581570
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 05.11.2026
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.