A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Stad kommune tilbyr ei 100% fast stilling som vernepleiar eller miljøterapeut i Selje/Stadlandet. Du vil vera ein fagleg støttespelar og vere med i utviklinga av tenestene. Du vil få moglegheit til langvaktturnus med komprimert arbeidstid og god balanse mellom arbeid og fritid.
Den rette kandidaten må vera autorisert vernepleiar eller ha relevant treårig sosialfagleg utdanning, ha godt norsk, IKT-ferdigheiter og førarkort. Vi har eit engasjert fagmiljø og vekt på samhandling og fagleg utvikling.
Stillingstittel Vernepleiarar og miljøterapeutar Selje/Stadlandet
Miljøtenesta Selje/Stadlandet har ledig 100 % fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut.
Er du autorisert vernepleiar, eller har du anna relevant treårig sosialfagleg utdanning? Ønskjer du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du får bruke kompetansen din, ta fagleg ansvar og vere med på å utvikle gode tenester? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Hos oss får du høve til å påverke eigen arbeidskvardag og bidra aktivt i utviklinga av tenestane. Vi tilbyr moglegheit for langvaktturnus med komprimert arbeidstid, noko som kan gi meir samanhengande fritid og ein god balanse mellom arbeid og fritid.
Miljøtenesta Selje/Stadlandet er ei teneste i kontinuerleg utvikling, med fleire tenestestader som tilbyr heildøgnstenester og oppfølging av personar som bur i eigen heim. Vi gir tenester til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar, med ulike funksjonsnedsettingar og behov for støtte og tilrettelegging. Gjennom målretta miljøarbeid, fagleg engasjement og tett samarbeid arbeider vi for å skape trygge, meiningsfulle og individuelt tilpassa tenester.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der samarbeid, brukarmedverknad og fagleg utvikling står sentralt. Vi ønskjer medarbeidarar som tek initiativ, ser moglegheiter og vil bidra til å vidareutvikle tenestene våre.
Dette er stillinga for deg som ønskjer ansvar, faglege utfordringar og høve til å gjere ein forskjell i kvardagen til menneska vi gir tenester til.
Stad kommune har god båtkorrespondanse til Bergen og nærflyplass i i Gloppen - Sandane Anda lufthamn.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søknad om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontake avdelingsleiar Silje Sneide tlf 481 19 558 eller einingsleiar Ann-Charlotte Jansson tlf 977 23 146.