A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Vernepleiarstilling ved vår tverrfaglege eining i Ålesund, med relevant vidareutdanning eller mastergrad. Arbeidet er variert og inkluderer tett samarbeid mellom sjukepleie, vernepleie, spesialpedagogikk og andre fagfelt.
Stillinga er eit vikariat frå 01.01.2027 til 30.09.2027, under Seksjonen for habilitering av barn og unge ved Hjelset og Ålesund. Lønn etter gjeldende avtale, og eit inkluderande arbeidsmiljø i HMR.
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingstittel Vernepleiar med relevant vidareutdanning/mastergrad
Er du klar for ei meiningsfull og spennande utfordring?
Vi søkjer ein engasjert vernepleiar med vidareutdanning, eller anna relevant tilleggsutdanning, til eit ledig vikariat ved vår tverrfaglege eining på Hjelset. Vikariatet gjeld for perioden 01.01.2027–30.09.2027.
Seksjon for habilitering av barn og unge har einingar både på Hjelset og i Ålesund, og ligg under avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering. Seksjonen er tverrfagleg samansett og omfattar fagpersonar innan sjukepleie, vernepleie, spesialpedagogikk, ergoterapi, fysioterapi, psykologi og medisin.
Arbeidet er variert og meiningsfullt, og prega av tett tverrfagleg samarbeid med fokus på heilskaplege og individuelt tilpassa tiltak.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal