Vegvaktar

Vestland fylkeskommune

Nordfjordeid

On-site

NOK 420,000 - 540,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Offentlege pensjons- og forsikringsord

Job summary

Vestland fylkeskommune søkjer etter ein vikar i ytre Nordfjord i eit 15 mnd. vikariat. Arbeidsstad er Nordfjordeid, men start blir frå heimstaden. Du vil arbeide tett med byggeleiar og med andre kollegaer i seksjonen.

Stillinga krev fagbrev eller teknisk fagskule som ynskjeleg, og god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, pluss førarkort BE. Du må kunna arbeide systematisk og levere kvalitet.

Qualifications

  • Fagbrev eller teknisk fagskule er ynskjeleg, men med lang og relevant erfaring kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
  • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne og førarkort kl. BE.
  • Du må også ha god kompetanse i å nytte digitale verktøy.

Responsibilities

  • Følgje opp tilleggsarbeid og arbeid etter hendingar.
  • Delta i vaktordning på kontrakt.

Skills

Norsk språk

Education

Fagbrev
Teknisk fagskule

Job description

Avdelinga for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har ansvar for om lag 5600 km fylkesveg. Vi arbeider for trygge kvardagsvegar og vi skal planlegge og bygge vegane våre slik at dei er sikre og tilpassa framtida. Vi er ein stor byggherre innan samferdsle og har mange spennande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.
Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport, og fremjar regional utvikling.

DK 4610 Nordfjord er ei byggherrestyrt driftskontrakt som har 3 vegvaktara fordelt på 3 områder, ytre, midtre og indre. Vi søkjer etter ein vikar i ytre Nordfjord i eitt 15 mnd. vikariat.Arbeidsstad for stillinga er Nordfjordeid, men vi legg opp til at vegvaktar startar jobbdagen frå heimstaden.

  • Følgje opp tilleggsarbeid og arbeid etter hendingar.
  • Delta i vaktordning på kontrakt.

Du vil jobbe tett med byggeleiar på prosjekta, og samarbeide med andre kollegaer på seksjonen.

Kvalifikasjonar

Fagbrev eller teknisk fagskule er ynskjeleg, men med lang og relevant erfaring kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne og førarkort kl. BE. Du må også ha god kompetanse i å nytte digitale verktøy.

Personlege eigenskapar

Stillinga inneber mykje kontakt med relevante samarbeidspartar, både internt og eksternt, og det er difor viktig at du er god på og kan trivast i samhandling med andre.
Vi har høge krav til dokumentasjon og skal du lukkast med oppgåvene i denne stillinga må du kunne arbeide systematisk og med god kvalitet på dine leveransar.

Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø og vil ha varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver, med gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling.

Du vil ha ei fleksibel arbeidstid i stillinga, men du må kunne pårekne periodar med forskuven arbeidstid.

  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Vegvaktar
Vegvaktar

Vestland fylkeskommune • Lote

On-site
NOK 420,000 - 600,000
Offentlege pensjons- og forsikringsord
Lønn etter avtale
Tilgang på tenestebil
+1
Studiekoordinator
Studiekoordinator

OPK-FV - Administrasjon, Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 600,000
Ein meiningsfull arbeidskvardag
Spanande stilling i eit fagleg kompeta
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
+2
Rådgjevar
Rådgjevar

NPI - Innovasjonsinfrastruktur, Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Moglegheit for heimekontor
Gode offentlege pensjons- og forsikr�{
Vegvaktar Nordfjord – On-call og drift-vedlikehald
Vegvaktar Nordfjord – On-call og drift-vedlikehald

Vestland fylkeskommune • Nordfjordeid

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Offentlege pensjons- og forsikringsord
Rådgjevar
Rådgjevar

Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Rådgjevar
Rådgjevar

Rettleiingstenesta Bergensområdet sør, Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 600,000 - 750,000
Gjevande arbeid med ungdom og vaksne
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Stillingsnemning konsulent/rådgjevar/s
Rådgjevar - vikariat energi
Rådgjevar - vikariat energi

NPI - Grøn vekst, klima og energi, Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 700,000 - 900,000
heimekontor
gode offentlege pensjons- og forsikr«"
gode moglegheiter for fagleg utvikling
+1
Miljøarbeidar
Miljøarbeidar

Os vgs - Avd. HO/HT, Vestland fylkeskommune • Ulven

On-site
NOK 420,000 - 540,000
100% stilling men 89% lønn
Gode offentlege pensjons- og forsikrng
Engasjert kollegafellesskap
Lærar i sal, service og reiseliv
Lærar i sal, service og reiseliv

Sotra vidaregåande skule • Bildøyna

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Inkluderande arbeidsmiljø
Gode moglegheiter til læring og utvikl
Lærar i sal, service og reiseliv
Lærar i sal, service og reiseliv

Vestland fylkeskommune • Straume

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Forsikringsordningar
Pensjonsordningar
Lære- og utviklingsmoglegheiter
+1
Top locations