Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Vestland fylkeskommune søker ein vikar som hovudoppgåve å handsama sakshandsaming av høyringssaker knytt til kraftnett og ny fornybar energiproduksjon, og du vil få ein sentral rolle i energifagleg arbeid og koordinere innspel frå ulike delar av organisasjonen.
Vi søker med relevant høgare utdanning innan energi eller rettsvitskap, god skriftleg framstillingsevne og evne til å samarbeide tvers av fagmiljøet. Stillinga er eit vikariat, med moglegheit for kontorplass i Bergen/Florø.
Stillinga har hovudvekt på sakshandsaming av høyringssaker knytt til kraftnett og ny fornybar energiproduksjon. I tillegg vil du arbeide med innspel til høyringar om lov og forskriftsendringar på energiområdet. Du vil få ein sentral rolle i fylkeskommunen sitt energifaglege arbeid, og vil koordinere innspel frå ulike delar av organisasjonen.
Stillinga er eit vikariat, då vår faste medarbeidar på feltet skal ut i foreldrepermisjon.
Vi søkjer deg som har:
Det er ein fordel om du har kjennskap til regelverk på energiområdet og erfaring med høyringsprosessar i offentleg sektor.
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på i rekrutteringa.
Hos oss får du:
Kontorstad er Bergen. Det kan vere aktuelt med Florø som kontorplass, om det er ønskeleg for den som vert tilsett og praktiske spørsmål rundt kontorplass let seg løyse.
Sølve Dag Sondbø,seksjonssjef,90075325
Lars Hilles gate 22
5008Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5195815926
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 30.11.2026
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 04.11.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket.Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Rettleiingstenesta Bergensområdet sør, Vestland fylkeskommune