Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Statsforvaltarens fellestenester søkjer ein erfaren UX-/interaksjonsdesignar som vil vere med å skape betre brukaropplevingar i offentlege tenester. Du blir del av eit tverrfagleg team og får ansvar gjennom heile designprosessen frå innsikt til prototype og ferdig løysing.
Arbeidsstad er Bergen eller Leikanger, med mogelegheit for heimekontor og Oslo-ordning. Stillinga er eit 12 månadars engasjement. Løn frå 692 400 til 880 000 kroner, med 2% pensjon, og jamn oppfølging i utviklingsløpet.
Vil du vere med å forme framtidas digitale tenester for offentleg sektor? Kvar dag bruker innbyggjarar, kommunar og offentleg tilsette digitale tenester som påverkar viktige prosessar i samfunnet. No søkjer vi ein erfaren UX-/interaksjonsdesignar som vil vere med å skape betre brukaropplevingar, enklare arbeidsprosessar og meir samanhengande digitale tenester. I Statsforvaltarens fellestenester (STAF) utviklar vi digitale fellesløysingar for alle dei ti statsforvaltarane i landet. Vi ser etter deg som brenn for brukarsentrert design, som trivst i tverrfaglege team, og som ønskjer å gjere komplekse problem enkle å forstå og bruke. Dette engasjementet gir deg høve til å arbeide med heile designprosessen, frå innsikt og brukartesting til prototypar og ferdige løysingar. Du vil samarbeide tett med utviklarar, arkitektar, prosjektleiarar og fagressursar, og få høve til å påverke utviklinga av sentrale digitale tenester for offentleg sektor. Stillinga er eit 12 månaders engasjement. Arbeidsstad er i Bergen eller Leikanger. Arbeidsstad i Oslo kan vurderast. Hos oss vert du del av eit utviklingsorientert og inkluderande miljø. Det er låg terskel for å dele tankar og idear og du vil få stor påverknad i vidareutviklinga av tenestene våre.
Andre oppgåver kan påreknast.
Du har erfaring med å utvikle digitale tenester basert på brukarane sine behov og trivst i skjæringspunktet mellom menneske, teknologi og forretning.
For innplassering som seniorrådgjevar blir det lagt vekt på høg fagleg kompetanse, brei erfaring og evne til å arbeide sjølvstendig med komplekse problemstillingar.
Stillinga er eit 12 månadars engasjement, med stillingskode 1434 rådgjevar eller stillingskode 1364 seniorrådgjevar og løn frå 692 400 til 880 000 kroner, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse. Det er sexti månaders prøvetid.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke som bidreg til betre oppgåveløysing. Derfor ønskjer vi medarbeidarar med ulike erfaringar, perspektiv og kompetansar. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn.
Søknadsfrist: 24.11.2026