Utviklingsdirektør

Helse Stavanger

Førde

On-site

NOK 1,800,000 - 2,400,000

Full time

13 days ago

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Helse Førde søkjer ein erfaren utviklingsdirektør som kan leie og drive det strategiske utviklings- og innovasjonsarbeidet i føretaket. Stillinga er lokalisert i Sunnfjord kommune og omfattar ansvaret for fag og utvikling, inkludert Arkiv, Forsking, Kompetanse, Kvalitet og pasienttryggleik, Samhandling og Senter for kliniske fagsystem.

Du får ansvar for systematisk arbeid med organisasjonsutvikling, kvalitetsforbetring og innovasjon, og arbeid med samspel med kommunane og andre utdannings- og

Qualifications

  • Relevant høgare utdanning, helst på mastergradnivå.
  • Solid og dokumentert leiarerfaring.
  • Erfaring frå utviklingsarbeid / prosjektarbeid og arbeid med pasienttryggleik.
  • Erfaring frå endrings- og utviklingsprosessar.

Responsibilities

  • Leie og drive strategisk utviklings- og innovasjonsarbeid i føretaket.
  • Koordinere prioritering og styring av utviklingsprosjekt.
  • Arbeide tett med fagdirektøren og dei øvrige direktørane.

Skills

Ledelse
Strategisk tenking
Tverrfaglig samarbeid
Endringsledelse

Education

Relevant høgare utdanning

Job description

Helse Førde har frå 01.11.2026 ledig stilling som utviklingsdirektør.

Utviklingsdirektøren har ansvar for stabsområdet Fag og utvikling, som omfattar seksjonane Arkiv og dokumenthandtering, Forsking og innovasjon, Kompetanse og utdanning, Kvalitet og pasienttryggleik, Samhandling og Senter for kliniske fagsystem. Stabsområdet har eit driftsbudsjett på om lag 85 millionar kroner og rundt 60 tilsette. Det har ei sentral rolle i utviklingsarbeid, kvalitetsforbetring og pasienttryggleik på tvers av føretaket.

Helse Førde er ei av dei største verksemdene i regionen og tilbyr spesialisthelsetenester til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. På nettsida vår finn du meir informasjon om verksemda: Helse Førde.
Stillinga er lokalisert i Sunnfjord kommune, ein attraktiv og vekstkraftig kommune midt mellom fjord og fjell. Kommunen tilbyr varierte bustadområde, gode oppvekstvilkår og rike kultur- og friluftsmoglegheiter. Du kan lese meir om kommunen her: Sunnfjord kommune.

Vi søkjer ein erfaren og visjonær utviklingsdirektør som kan leie og drive det strategiske utviklings- og innovasjonsarbeidet i føretaket.
Helse Førde står i ein krevjande økonomisk situasjon. Tilpassing av drifta til dei økonomiske rammene vil krevje solid styring, tett oppfølging og tydeleg leiing. Utviklingsdirektøren skal bidra til at utviklingsarbeidet understøttar føretaket sine overordna mål om berekraftige tenester og god ressursutnytting.

Helse Førde har som mål å vere ein lærande organisasjon. Utviklingsdirektøren får ansvar for det systematiske arbeidet med organisasjonsutvikling, kvalitetsforbetring og innovasjon, med særleg vekt på eit styrkt partsamarbeid og god samhandling med kommunane. Føretaket gjennomfører kvart år ei rekkje utviklings- og forbetringsprosjekt, og utviklingsdirektøren får ei sentral rolle i prioritering, koordinering og styring av desse.

Arbeidet med Vestlandslegen vil vere ei viktig oppgåve for den nye direktøren. Det same gjeld samarbeid med universitet, høgskular og andre utdannings- og forskingsmiljø. Vi ser etter ein leiar som kan kombinere strategisk tenking med gjennomføringskraft, og som evnar å inspirere og leie tverrfaglege miljø mot felles mål.
Vi ønskjer ein kandidat med solid leiarerfaring frå komplekse organisasjonar, gjerne innan utvikling, innovasjon, forsking, teknologi eller kunnskapsverksemd.

Stillinga byr på varierte og krevjande oppgåver innan organisasjonsutvikling, kvalitetsforbetring, pasienttryggleik og strategisk utviklingsarbeid. Utviklingsdirektøren samarbeider tett med fagdirektøren og dei øvrige direktørane i føretaket.

Utviklingsdirektøren rapporterer til administrerande direktør og inngår i føretaket si leiargruppe.

Kvalifikasjonar
  • Relevant høgare utdanning, helst på mastergradnivå
  • Solid og dokumentert leiarerfaring
  • Erfaring frå utviklingsarbeid / prosjektarbeid og arbeid med pasienttryggleik
  • Erfaring frå endrings- og utviklingsprosessar
Personlege eigenskapar
  • Tydeleg og trygg leiar med evne til å skape retning og resultat
  • God relasjonsbyggjar med evne til å involvere og motivere
  • Ei sentral leiarstilling i ei verksemd med viktig samfunnsoppdrag
  • Stor påverknadskraft i vidare utvikling av sjukehusdrift og eigedomsforvaltning
  • Eit kompetent og engasjert fagmiljø

H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald fra arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Utviklingsdirektør
Utviklingsdirektør

Helse Førde • Førde

On-site
NOK 1,800,000 - 2,800,000
Utviklingsdirektør
Utviklingsdirektør

Arve Varden • Førde

On-site
NOK 1,200,000 - 1,600,000
Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

Helse Stavanger • Førde

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Gode pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

Barn og unge sengepost og poliklinikk, Helse Førde • Førde

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Kvinneklinikken sengepostar Førde,Helse Førde • Førde

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Godt arbeidsmiljø
Langvakter på helg
Helsefagarbeidar 70% fast stilling
Helsefagarbeidar 70% fast stilling

Helse Stavanger • Førde

On-site
NOK 320,000 - 420,000
Helsefagarbeidar 70% fast stilling
Helsefagarbeidar 70% fast stilling

Helse Stavanger • Sogndal

On-site
NOK 360,000 - 434,000
Sjukepleiarar
Sjukepleiarar

Helse Stavanger • Førde

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Logistikkoperatør - 100% fast stilling
Logistikkoperatør - 100% fast stilling

Helse Stavanger • Førde

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Sjukepleiarar
Sjukepleiarar

Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering, Helse Førde • Førde

On-site
NOK 600,000 - 720,000
Lønn i samsvar med overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar