Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Helse Førde HF søker engasjement som helsefagarbeidar til Barne og ungdom sengepost og poliklinikk. Stillinga er knytta til pågåande omorganisering og vil kunne nyttast i både poliklinikk og sengepost etter behov.
Arbeidsoppgåver inkluderer daglege pasientnære oppgåver og dokumentasjon i DIPS og Meona, i eit tverrfagleg miljø. Stillinga startar snarast og har periodisk varig innhald fram til 30.04.2026.
Periode: frå snarast til 30.04.2026
Grunna permisjon og pågåande omorganisering og tenesteutvikling i avdelinga, har vi ledig ei engasjementstilling som helsefagarbeidar. Tidlegare var stillinga knytt til poliklinisk drift, men sengepost og poliklinikk er no samlokalisert i same etasje og organisert i ein felles seksjon: Barne og unge sengepost og poliklinikk.
Endringar i drift kan påverke innhald og organisering av stillinga. Stillinga er i første omgang i poliklinikken, men vil kunne nyttast i både poliklinikk og sengepost, avhengig av behov.
Helse Førde er i ein prosess med videre tenesteutvikling, og framtidig organisering av seksjonen og tilhøyrande oppgåver er ikkje endeleg avklart. Arbeidsoppgåver kan derfor bli justerte i tråd med utviklinga i tenesta.
Barne og ungdom sengepost og poliklinikk, er ein spennande og variert seksjon med eit breitt fagfelt. Vi har spesialisthelsetenesteansvar for barn og unge i alderen 0-18 år.
gir medisinsk utgreiing og oppfølging. Dei mest vanlege diagnosane er innan: astma og allergi, diabetes og endokrinologi, mage-tarm, hjarte, nevrologi, nyre og urinvegar, revmatologi, infeksjonar og nyfødtmedisin.
tek imot barn og unge med eit breitt spekter av medisinske, kirurgiske og ortopediske tilstandar, samt premature og sjuke nyfødde.
Ved tilbod om tilsetjing må det leggast fram tilfredsstillende politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma). Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald fra arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.