Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Gloppen kommune søker ungdom som går i 9. klasse eller eldre for ei ekstrajobb i barnehagen i Gloppen. Du søkjer på stillinga og kva barnehage du kan tenkje deg å jobbe i, og avtaler kontakt med styrar i aktuell barnehage.
Du får vere med å hjelpe barna i aktivitet og i praktiske oppgåver. Det er viktig å vere aktivt deltakar, setje grenser og legge til rette for at barna opplever meistring ved å prøve sjølv.
Har du ledig tid etter skulen, ein dag eller to i veka, og har du lyst til å jobbe i barnehage? Dei kommunale barnehagane i Gloppen vil gjerne tilsetje deg som går i 9. klasse og oppover til ein ekstrajobb. Du søkjer på stillinga her og skriv kva barnehage du kan tenkje deg å jobbe i. Så kan du ta kontakt med styrar i aktuell barnehage for å seie at du har søkt. Det vil vere rom for ein til to ungdomar i kvar barnehage.
Du får vere med å hjelpe barna, og vere i aktivitet saman med dei. Samt å bli med på andre praktiske oppgåver i barnehagen. I arbeid med barn i barnehage må du bruke språket aktivt og sette ord på det du ser og gjer saman med barna. Du må vere aktivt deltakande i leik og aktivitet. I arbeidet er det viktig at du inviterer barn inn i aktivitet. Du må sette grenser og legge til rette for at barn opplever meistring ved å prøve å klare sjølv. Du må elles arbeide etter dei rutiner som gjeld på den aktuelle avdeling.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Else Lundestad Bakkelid,Barnehagestyrar Mona barnehage,970 95 123
Anette Støyva,Barnehagestyrar Breim barnehage,468 73 568
Lisbeth Risøy Kvellestad,Barnehagestyrar,41876670
Anne Kristin Risøy Eimhjellen,Rektor Hyen skule og barnehage,924 07 655
Per Arne Strand,Kommunalsjef Oppvekst,+47 957 78 875
Grandavegen 9
6823SANDANE
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5184551380
Stillingsprosent: 0%
Engasjement
Søknadsfrist: 15.10.2026