Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Seim skule i Alver kommune søker mellombels undervisningsstilling frå 01.01.2027 til 31.07.2027. Stillinga kan få kontaktlærarfunksjon på 6.trinn og må vere innstilt på å bidra i eit godt læringsmiljø.
Skulen framhevar eit engasjert arbeidsmiljø og fokus på leik, læring og meistring. Kompetanse i matematikk og erfaring med Individuelt tilrettelegging (ITO) er ein fordel, og du blir del av eit team som arbeider saman for elevane sin utvikling.
Det blir ledig mellombels undervisningsstilling ved Seim skule i Alver kommune frå 01.01.2027 og fram til 31.07.2027. Stillinga kan bli tillagt kontaktlærarfunksjon på 6.trinn. Vikariatet kan bli forlenga utover hausten 2027 ut fra vikarbehovet ved skulen fra haust 2027.
Du kan lese meir om skulen her. (https://alver.kommune.no/artikkel/seim-skule)
Seim skule er ein barneskule med 125 elevar og omlag 20 tilsette. Visjonen til skulen er «Ein skule for framtida med fokus på leik, læring og meistring». Skulen var nybygt til skuleåret 2013/2014, og ligg sentralt på Seim, ca 10 minutt køyring fra Knarvik langs Fv 57. Vi tør påstå at vi har eit godt arbeidsmiljø på skulen vår, og at utfordringar blir løyst i fellesskap.
Kompetanse i matematikkfaget og erfaring med Individuelt tilrettelegging (ITO) er ein fordel.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.