A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Sæbø skule i Alver kommune utlyser ei mellombels undervisningsstilling frå januar 2027 til 31.07.2027, med moglegheit for tilleggsoppgåver som kontaktlærar. Vikariatet kan bli forlenga avhengig av behov ved skulen frå hausten 2027.
Skulen er ein 1.–7.-skule med om lag 80 elevar og eit engasjert personale. Vi søkjer kandidatar som har god kompetanse i matematikk og eventuelt erfaring med ITO, og som vil samarbeide nært med kollegaer og leiing for å fremje elevanes læring og trivsel.
Det blir ledig mellombels undervisningsstilling ved Sæbø skule i Alver kommune frå januar 2027 og fram til 31.07.2027. Stillinga kan bli tillagt kontaktlærarfunksjon. Vikariatet kan bli forlenga utover hausten 2027 ut frå vikarbehovet ved skulen frå haust 2027.
Sæbø skule er ein 1.-7.-skule i Alver kommune, idyllisk plassert i Austmarka på Radøy (ca. 15 min. frå Knarvik). Skulen har om lag 80 elevar, og eit engasjert personale som arbeider for å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø, prega av trivsel, meistring og fellesskap. Med nærleik til naturen og gode uteområde legg vi til rette for aktiv læring, utforsking og utvikling for alle elevar.
Kompetanse i matematikkfaget og erfaring med Individuelt tilrettelegging (ITO) er ein fordel.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.