Enable job alerts via email!

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule

Arbeidsplassen

Vang

On-site

NOK 800,000 - 1,000,000

Part time

30+ days ago

Generate a tailored resume in minutes

Land an interview and earn more. Learn more

Job summary

En lokal kommune søker tilkallingsvikarer ved Vang barne- og ungdomsskule for å støtte barn i læring og trivsel. Vi ser etter engasjerte medarbeidere med relevant utdanning, gode norskkunnskaper, samt erfaring med barn i ulike settinger. Stillingen tilbyr en fleksibel arbeidsdag og lønn etter tariff med gode pensjonsvilkår.

Benefits

Meningsfull jobb
Fleksibel arbeidsdag
Gode pensjonsvilkår

Qualifications

  • Må vere fylt 18 år.
  • Erfaring frå barnehage eller skule er ein fordel.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

Responsibilities

  • Undervisning på barne- og ungdomstrinnet.
  • Assistere i leik og undervising.
  • Medansvar for elevane sitt arbeidsmiljø.

Skills

Engasjement for barn og unge
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Kreativitet

Education

Relevant utdanning som lærar/spesialpedagog eller fagarbeidar
Job description

Er du flink med barn og ynskjer å jobbe som tilkallingsvikar? Me søkjer no etter tilkallingsvikarar ved Vang barne- og ungdomsskule. Det er behov for lærar, fagarbeidarar og assistentar.

Barna våre i Vang fortener kun det beste! Me søkjer etter fagleg sterke og engasjerte tilsette som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang.

Me kontaktar aktuelle søkjarar fortløpande. Vert du med oss på laget?

Arbeidsoppgåver
  • Arbeidsoppgåver som lærervikar: Undervisning på barne- og/eller ungdomstrinnet; Førebuing og etterarbeid til undervisingstimar; Samarbeid med kollegaar; Medansvar for elevane sitt arbeids- og psykososiale miljø i henhold til Opplæringslova §9a.
  • Arbeidsoppgåver som fagarbeidar og assistent: Delta aktivt i leik og på tur, assistere i samlingsstund og i undervisinga; Assistere og eventuelt bidra i planlegging av aktivitetar og i kvardagslege gjeremål; Jobbe både med barnegrupper og enkeltelevar.
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning som lærar/spesialpedagog eller fagarbeidar er ynskjeleg
  • Må vere fylt 18 år
  • Erfaring frå barnehage eller skule er ein fordel. Men me ynskjer også deg som har erfaring frå å jobbe med barn og unge i ei anna setting, som til dømes musikk, sport, fritidsaktivitetar eller barnepass
  • Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest må leverast før tiltreding
Personlege eigenskapar
  • Har eit engasjement for barn og unge
  • Er inkluderande, positiv og omsorgsfull
  • Er kreativ og løysingsorientert
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er komfortabel med å tilpasse deg forskjellige type menneske i ulike situasjonar
  • Er ein tydelig vaksen som klarer å gje beskjed og sette grenser
Vi tilbyr
  • Ein gjevande og meningsfull jobb, der du gjer en forskjell i barna sin kvardag
  • Ein variert og fleksibel arbeidsdag
  • Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.

Den enkelte tilkalling du som ekstravakt tek på deg, medfører eit mellombels arbeidsforhold, jf. arbeidsmiljølova § 14-9 (2). Tilkalling skjer etter behov ved fråvær pga. sjukdom, ferie eller andre mellombelse forhold som medfører behov for mellombels arbeidskraft.

Kontaktinformasjon

Ola Erik Heen Moe, rektor VBU, 91161741, ola.erik.heen.moe@vang.kommune.no

Agata Gniewek Bøe, inspektør VBU, 61 36 94 32, Agata.Ewa.Gniewek.Boe@vang.kommune.no

Arbeidsstad

Tyinvegen 5035
2975 Vang i Valdres

Nøkkelinformasjon
  • Arbeidsgivar: Vang Kommune
  • Referansenr.: 4696162769
  • Stillingsprosent: 0%
  • Søknadsfrist: 31.07.2026

«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.

Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop a PDF, DOC, DOCX, ODT, or PAGES file up to 5MB.