Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Stillingstittel: Miljøterapeut, Helsefagarbeider, Barn og ungdomsarbeider og assistent under utdanning
Vi ser etter deg som:
Butenesta i Haram søker tilkallingsvikarar på dag, kveld, natt og helg i barnebustad og barneavlastning. Vi søker etter miljøterapeut, sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar og barn og ungdomsarbeidar. Assistentar som er i ein utdanningsløp kan også søke. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju fortløpande.
Vi har hovedkontor i Brattvåggata 19. Haram bustader yter hovedsakelig tjenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punktternester.
Butenesta skal i ein 4‑års periode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Rettleiaren "Gode helse‑og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN. Stillingen er ledig omgåande.
Haram bustader består av tre avdelingar: Haram bustader 1, Haram bustader 2, Solbakken bukollektiv og dagsenter. Vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning. Miljøterapeutane i alle avdelingane kan samarbeide på tvers. Vi har jevnleg miljøterapeutmøte der ein kan dele og søke kunnskap med kollegaer. Vi har ei tverrfagleg samansett personalgruppe med ulik utdanning og kompetanse.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. Vi jobbar aktivt med å sette oss i stand til å møte nye arbeidsformer i kommunalområdet.
Ulvestadvegen 6, 6265 Vatne