Une candidature complète en une minute
Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.
Haram kommune søkjer miljøterapeutiske tilsette ved barnebustad og avlastning i Vatne. Stillinga er 56,28 % natt og startar 1. januar 2027, eller etter avtale. Arbeidsstaden ligg i Solbakken bukollektiv ved Vatne, og turnus er natt med arbeid kvar tredje helg.
Som tilsette vil du arbeide systematisk for å gjennomføre og vidareutvikle tiltak i samsvar med planar og vedtak, og du vil ha fagansvar og koordineringsansvar i avdelinga. Krav om politiattest og BankID/ID-porten er nødvendig.
Butenesta i Haram har ledig 56,28 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar i barnebustad og avlastning, stillinga er for tida på natt. Stillinga er ledig frå 1. januar 2027, eller etter avtale.
Barnebustad og avlasting held til i lokale ved Solbakken bukollektiv på Vatne.
Turnus for stillinga er for tida natt, med arbeid kvar 3. helg.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i Butenesta.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel og utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Vi ser etter deg som er: