
Enable job alerts via email!
Generate a tailored resume in minutes
Land an interview and earn more. Learn more
En lokal utdanningsinstitusjon i Bjørnafjorden kommune søker engasjerte personer til å arbeide med barn i grunnskolen. Stillingen krever fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, gode norskkunnskaper, og positive samarbeids- og kommunikasjonsevner. Vi tilbyr et inspirerende arbeidsmiljø, pensjonsordning og faglige utfordringer.
Er du engasjert, vaksen og tydeleg og ønskjer å vere med å forme den gode skulen i Bjørnafjorden?
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020).
Bjørnafjorden kommune har fjorten barneskular og tre ungdomsskular. Vi ber deg oppgi om du er interessert i å jobbe ved alle skulane i Bjørnafjorden kommune, eller eventuelt på kva side av fjorden du vil jobbe.
Registrer CV-en din og fortel litt om deg sjølv. Skulen tar kontakt med deg når dei har behov for vikar.
Arbeidsstad Skulane i Bjørnafjorden kommune
Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkommande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?