Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Voss sjukehus søker tilkallingsvikarar i reinhald for å dekke vakter ved behov. Du vil utføre dagleg reinhald av avdelingar og fellesområde, samt vedlikehaldsoppgåver og smittevask/reiing av senger og hovudreinhald.
Det krevst gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg. Det er ikkje krav til fagbrev, men søkjarar med fagbrev er av interesse. Lønn blir i samsvar med gjeldande overeinskomst og arbeidstidsvilkår gjeldande for stillingskategori.
Støttetenester, Voss sjukes som består av portør, reinhald og innkjøp, har et godt og stabilt fagmiljø med motiverte og hyggelege medarbeidare. Voss sjukehus har om lag 400 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innen spesialisthelsetenesta.
Vi søker etter tilkallingsvikar som reinhaldartil Voss sjukehus fra snarast.
Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Voss sjukehus.
Søknadsfrist:
Tilkallingsvikarar - Reinhald til Voss sjukehus
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.