A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Aurland kommune søkjer tilkallingsvikarar til oppvekstområdet. Du vil jobbe i tilknyting til fleire einingar som barnehage, skule og fritidstilbod, med ansvar for å støtte born og unge i ein variert og inspirerande kvardag.
Du må vere ein påliteleg og open person med god samarbeidsevne og interesse for barn og ungdom. Dette er ei tilsetting i kommunalområdet oppvekst, med lokale fleksible ordningar og heildigital søknadsprosess.
Me ynskjer fleire tilkallingsvikarari kommunalområde oppvekst.
Skriv gjerne i søknaden kva avdeling, sjå under, du ynskjer å jobbe i.
Aurland barnehage er ein funksjonell og modernebarnehage. Barnehagen ligg fint til nær til bibliotek, grunnskule, fleirbrukhall og fine turområde.
Flåm barnehage ligg fint til på Lunden, med gode moglegheiter til å brukenaturen omkring.
Flåm skule er ein fådelt 1-4 skule som ligg flott til nedst iFlåmsdalen med Flåmsbana som god nabo. Elevane kjem frå Gudvangen, Undredal og Flåm.
Aurland barne- og ungdomsskule (Abu) har elevar fra 1. til 10. klassetrinn. Skulen ligg sentralt til og har godtilgang på ulike idrettsanlegg, natur og lokale samarbeidspartnarar.
Aurland folkebibliotek har fine lokale i første etasje ved Aurland barne- og ungdomsskule. Biblioteket er ope 5 dagar i veka, og her må ein vere innstilt på å yte god sørvis og ha interesse av og/eller kompetanse på litteratur. Digitale ferdigheiter og gode samarbeidsevner er viktig.
Aurland fritidsklubb held til i store lokale like ved AIS. Klubben er open tysdag, onsdag og fredag, og har tilbod for 5.trinn til 18 år. Her er det viktig å vere ein trygg rollemodell for ungdomane våre som tek ansvar. Fritidsklubben er eit uformelt tilbod som er på ungdomane sine premiss.
Du må vere ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktigat vi er tilstades for born og ungdom, men også har evne til å samarbeide med kollegaer.
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Ved tilsetjing må det leggast fram politiattest.
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 900 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes kino, basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.