Enable job alerts via email!
En kommune i Møre og Romsdal søker tilkallingsvikar i barnehage for barnehageåret 2025/2026. Stillingen krever fleksibilitet og evne til å arbeide med barn i alderen 0–6 år. Ingen spesifikke utdanningskrav, men gyldig politiattest er nødvendig. Arbeidsavtale vil bli tilpasset lovverk og retningslinjer.
Ørsta kommune har til ei kvar tid trong for fagarbeidar/assistent og barnehagelærar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i barnehage. Denne utlysinga gjeld for barnehageåret 2025/2026.
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å arbeide med alle barnegrupper i alderen 0–6 år. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde styrar.
Aktuelle barnehagar:
Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.
Merk: Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar. Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkjar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar.
Arbeidsavtale i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Offentlege søkjarliste – I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meinar at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Pål Einar Brekke, rådgjevar
Arbeidsstad: Ivar Aasen-gata 10, 6150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Frå arbeidsgivar: Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggarar og er ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv, med god infrastruktur og tilgang til utdanningstilbod i Ørsta og Volda.